Han tykkjer det er hysterisk å rope etter fellingsløyve på bakgrunn av to døde sauer i Lustra-fjella. Kryvi seier at ulven drep minimalt med sau samanlikna med det store talet som døyr på andre måtar på sommarbeite kvar dag.
Ein av dei drepne sauene i Lustrafjellet - foto Heidi Lise Bakke NRK
Fylkesmannen er klar til å gje fellingsløyve på Lustra-ulven på dagen. Det seier viltkonsulent Hermund Mjelstad. Han trur dei vil få inn fleire meldingar om ulveangrep i løpet av dagen.