Hopp til innhold

– Laksenæringa nærmar seg stupet

Trass i at norske oppdrettarar sel laks som aldri før trur ikkje Kurt Oddekalv at det vil vare lenge. – Dei nærmar seg stupet, seier leiaren i miljøvernforbundet.

Kurt Oddekalv

KRITISK: Kurt Oddekalv meiner den norske oppdrettsnæringa i 2011 vil merke at marknaden for norsk laks snur. - Eg et den ikkje, den er full av at mogleg drit, seier Oddekalv.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Medan norske oppdrettarar har trua på eit godt år, meiner Oddekalv at bransjen kjem til å gå på ein smell.

- Stort miljøproblem

2010 var det beste året for oppdrettsnæringa på lenge. Det samtidig som det i året som har gått stadig har kome negative avsløringar om norsk laks.

- Oppdrettsnæringa representerer Noregs største miljøproblem. Etter kvart vil forbrukarane ta det inn over seg, seier Oddekalv.

For i løpet av 2010 har Oddekalv stått i bresjen for ein informasjonskampanje mot norsk laks. Dei har gått ut med fleire påstandar som kan sverte det gode ryktet.

- Kampanjen handlar om miljøkonsekvensane av norsk oppdrettsnæring. Det handlar om giftige stoff i fisken, skit rundt anlegga og måten dei påverkar kysten vår, seier Oddekalv.

Oddekalv meiner det vil ta tid før marknaden tar innover seg sanninga om norsk laks.

- Men så lenge næringa driv med marknadsmessige tiltak i staden for å gripe fatt i dei faktiske problema, så nærmar dei seg stadig vekk stupet, seier Oddekalv.

- Har ikkje merka noko

Men i Eksportutvalet for fisk har Johan Kvalheim ikkje merka negative konsekvensar det siste året.

Johan Kvalheim i Eksportutvalget for fisk

POSITIV: Johan Kvalheim i Eksportutvalet for fisk har ikkje merka noko til kampanjen Oddekalv har drive mot bransjen.

Foto: Jens Kyed / NRK

- Vi har full tillit frå næringa, både hos importørar og butikkjedane, seier Kvalheim.

I fjor sommar fortalde ein fransk dokumenter at det var giftstoff i den norske laksen.

Kvalheim seier dei ikkje opplevde ein storm av spørsmål i etterkant.

- Det vart med at to franske forbrukarar tok kontakt, seier Kvalheim.

- Seier det som passar dei

Oddekalv på si side skuldar Kvalheim for løgn.

- Eksportutvalet for fisk er den største banden med skurkar eg veit om. Dei fortel den sanninga dei har blitt samde om, hevdar Oddekalv.

Han seier dei vil halde fram med å informere forbrukarane om det dei meiner er sanninga om norsk fisk. Han trur næringa snart vil merke at marknaden snur.

- Eg vil ikkje rå nokon til å ete norsk laks. Eg et den ikkje, fordi den er full av alt mogleg drit. Næringa kjem nok til å få seg eit par overraskingar i året som kjem, seier Oddekalv.

Kvalheim på si side har god tru på det nye året.

- Det er gode framtidsutsikter for salet av laks også i år.