Hopp til innhold

– Kystvegen må ta stamvegpengar

Skal det kome statlege pengar til kystveg mellom Florø og Måløy, må pengane hentast frå stamvegane i fylket. Det fastslår samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa

LITE Å HENTE: Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) opnar ikkje pengesekken meir enn i dag for kystvegen.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Forkjemparane for opprusting av fylkesvegen mellom Måløy og Florø, den såkalla 45 minuttsregionen ønskjer 300 millionar kroner i ei statleg regionbyggingspakke.

Men Kleppa seier pengane då må hentast frå stamvegnettet i fylket, og ikkje kan kome på sida av dei ordinære vegbudsjetta.

Dermed kan vegane E39, E16 riksveg 5 og riksveg 15 måtte avstå midlar.

– Må redusere krava

– Eg meiner at dette er noko som fylkeskommunane sjølve må avgjere når vi skal rullere Nasjonal transportplan, men det er nok slik at viss dei vil at vi skal stille med pengar til slike pakkar, så må dei vere villige til å redusere på krava til stamvegnettet. Slik er det.

Samferdsleministeren heller med dette kaldt vatn i blodet på forkjemparane for 45 minuttsregionen mellom Måløy og Florø.

Opprusting til 1 milliard

Kommunane på kysten ynskjer ein statleg regionbyggingspakke til 300 millionar kroner for å få utbetra fylkesveg 619 for til saman ein milliard kroner. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for fylkesvegane, men vegbudsjettet er bunde opp i mange år framover.

Men Kleppa seier at om det skal kome pengar på sida av løyvingane til fylkeskommunane må pengane takast frå stamvegane i fylket.

Overraska politikarar

– Dette er kreativt, konstruktivt og framtidsretta tenkt. Men samstundes må dei vere klare over både dei konsekvensane som dette kan få for andre regionar, men kanskje først og fremst dei konsekvensane det kan få for dei endelege prioriteringane i Song og Fjordane.

Artikklen held fram.

E39 i Gaular

OFFER? Gul midtstripe på E39 har lenge vore eit uttalt krav blant politikarar i fylket. No kan dei måtte velje mellom stamvegane og kystveg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

NRK har snakka med fleire politikarar som meiner det er svært overraskande at regjeringa opnar for å ta pengar frå stamvegnettet for å bygge fylkesvegar. Men få tør å uttale seg på ståande fot.

I februar skal nasjonal transportplan drøftast med fylka og Kleppa opnar då for slike innspel.

– Så det er ei sak som kan drøftast nærmare då, seier ho til NRK.

Frp ventar ny debatt

Fylkesleiar i Frp Frank Willy Djuvik har tidlegare sagt at det er urealistisk med ei statleg regionbyggingspakke på sida av dei ordinære vegbudsjetta. Men det nye utspelet frå regjeringa kan opne for ein ny debatt.

– Ikkje berre i Sogn og Fjordane, men og andre stader i høve til kva vegar ein ønskjer å prioritere, trur Djuvik.