NRK Meny
Normal

Meiner Kystvegen gjer fleire strategiske feil

I går vart det lagt fram ein ny rapport om Kystvegen mellom Måløy og Florø. Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, meiner det har blitt gjort fleire strategiske feil i arbeidet.

Kystvegen Djuvik

VIL HA STATLEG FINANSIERING: Frank Willy Djuvik (Frp) meiner planane for Kystvegen bør leggjast til rette slik at ein kan få staten til å ta heile rekninga, i staden for å sjå mot fylkeskommunen som no har svært lite økonomisk spelerom.

Foto: Benedicte Hole/Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen / NRK

– Det er overraskande at 45-minuttsregionen har bestilt ein rapport for kystvegen som berre tek for seg delar av vegen, seier Djuvik.

I går vart trafikk- og finansieringsanalysen av ein ny veg mellom Florø og Måløy, offentleggjort. Der går det fram at ei bru over Tongane-Biskjelneset i ytre Nordfjord vil koste 2,4 milliardar kroner. Det vil igjen krevje 1,1 milliardar av fylkeskommunen, ifølgje sivilingeniør Helge Hopland som står bak rapporten.

Vil få staten til å ta heile rekninga

Djuvik meiner det må ein meir heilskapleg plan til før ein kan ta det vidare til Stortinget.

– Vi kan ikkje reise inn til Stortinget og bede dei betale for ein halv veg, då vil dei ikkje ta oss mykje seriøst. Vi er nøydd til å planlegge på ein 45-minuttsregion heile vegen mellom Florø og Måløy som gjer at vi knyt heile området saman i ein felles bu- og arbeidsmarknad, seier han.

Frp-politikaren det er strategisk feil å tru at fylkeskommunen vil ha moglegheit til å gå inn med 1,1 milliardar kroner, med mindre ein har svært god tid.

– Difor meiner eg dei må snu fokuset vekk frå fylkeskommunen og mot staten, for det er det einaste realistiske for å realisert ein 45-minuttsregion og vidare Kystveg sørover frå Florø og til slutt sambinding mellom Ålesund og Bergen. Det er berre staten som har dei økonomiske musklane til å kunne bidra til det, seier han.

Trur staten vil sjå verdien

Om 45-minuttsregionen lagar ein heilskapleg plan for heile vegen mellom Florø og Måløy, trur Djuvik at det er gode moglegheiter for at staten vil støtte vegprosjektet.

– Lagar dei ein fullstendig finansieringspakke og reknar på samfunnsnytten av det, trur eg ikkje du vil finne eit einaste vegprosjekt i landet som gir den same typen utvikling som nettopp dette vegprosjektet vil, seier han.

Hovudtanken bak den ferske rapporten var å få fram trafikktala og vise kva effekt ei bru vil ha, då det har mykje med finansiering å gjere. Det seier ordførar i Vågsøy og styremedlem i 45-minuttsregionen Morten Hagen.

Morten Hagen

MYKJE ARBEID IGJEN: Ordførar i Vågsøy meiner Djuvik har fleire gode poeng, men vil ikkje gå til Stortinget før planane er fullstendige.

Foto: Thomas Hagen

– Kystvegen Måløy-Florø bad om utgreiing av dei prosjekta som no ligg inne, og det er då strekka frå Indrehus til Måløy, med tunnel mellom Indrehus og Svelgen, og deretter ytre fjordkryssing i Nordfjord.

Står framleis att planleggingsarbeid

Han er likevel samd i at planane om Kystvegen må leggjast fram heilskapleg til staten.

– For vegen vidare frå Indrehus til Florø må vi få lagt fram alternative traséar før vi kan ta ei vurdering der også. Men eg følgjer Djuvik på at det er viktig å sjå på heile strekka før vi eventuelt kan be om ei statleg finansiering, seier Måløy-ordføraren.

– Kva tenkjer du om at Djuvik meiner det er urealistisk at fylkeskommunen skal gå inn med 1,1 milliardar kroner?

– Slik eg ser det er det ikkje vanleg av Djuvik å seie at ting er urealistisk når det gjeld å finansiere vegprosjekt, men det er klart at fylket er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Og vi må jobbe for å finne fram best moglege måtar på å finansiere dette på, både med hjelp av stat og fylke. Så får vi sjå kva vi kjem fram til, før vi leverer inn ein søknad til staten, eller eventuelt fylket, i høve til midlar, seier Hagen.

– Må satse på denne typen tiltak

For slik det er lagt fram i den nye rapporten er Kystvegen lagt opp til å bli eit spleiselag mellom stat, fylke og bompengefinansiering. Korleis fordelinga vil bli må analysar og anna framtidig arbeid vise, ifølgje Hagen.

– Så vi får sjå korleis vi kan kome i posisjon for å få midlar av staten, og korleis fylkeskommunen kjem i posisjon i høve til midlar. Men det er heilt klart at skal fylket klare å snu den låge veksten må fylket satse på den type tiltak, og då er det på kysten potensialet er størst i høve til å få til ein større utvikling som vil bety både folketalsvekst, næringsvekst og betre rammevilkår for fylkeskommunen.

Trass i kritikken av framgangsmåtane til 45-minuttsregionane, er Djuvik likevel forkjempar for vegen. Han lovar å gjere sitt for å overtale staten til å ta rekninga.

– Frp fremma eit forslag i Stortinget i fjor om å gjere Kystvegen til riksveg. Dessverre var det berre Frp og Høgre som ville det. Så jobben no er å overtyde fleire parti på Stortinget om at dette må bli riksveg slik at Staten vil ta rekninga, seier han.