Hopp til innhold

– Kystvegen bør få status som riksveg

FLORØ (NRK): Kystvegen Ålesund-Bergen kan realiserast fortare om vegen får status som riksveg, trur leiaren i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Linda Hofstad Helleland frå Høgre.

Linda Hofstad Helleland. Bjørn Lødemel og Åshild Kjelsnes

FORTARE SOM RIKSVEG? Linda Hofstad Helleland (t.v.), saman med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ho la fram tanken på Kystvegkonferansen i Florø i går.

– Eg håpar at det skal bere frukter, og at vi kan løfte vegen inn i Nasjonal transportplan med ein ny status, nemleg som riksveg. No er det jobba ei stund med det som fylkesprosjekt, og eg er ikkje sikker på om fylkeskommunen greier å ta på seg dei investeringane som trengst. For å få fortgang og få bygd vegen på ein heilskapleg måte trur eg det kan vere eit alternativ.

– Redd ein lurer seg sjølv

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet er ikkje framand for å endre statusen til Kystvegen frå fylkesveg til riksveg, men sa at ho er usikker på om det vil gjere noko frå eller til.

– Eg er litt redd for at ein lurer seg sjølv til å tru at berre vi får ein riksvegstatus så kjem det av seg sjølv, for det trur eg ikkje det gjer.

Kjelsnes sa i sitt innlegg at det ikkje er prioriteringar det står på, men heller pengar til å gjennomføre prioriteringane. Linda Hofstad Helleland oppfatta det som at politikarane i Sogn og Fjordane ikkje er opptekne av å prioritere, og det fekk Kjelsnes til å protestere.

– Eg får ta det på kontoen for manglande lokalkunnskap, for er det noko fylkestinget har gjort, så er det å prioritere. No er det om å gjere å få dei musklane som skal til for å sett prioriteringane ut i livet, nemleg å byggje dei vegane vi skal.

Bjørn Lødemel og Linda Hofstad Helleland

VIL BIDRA: Linda Hofstad Helleland (H) meiner Kystvegen er viktig å få bygd. Til venstre for henne stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Florø-Måløy innan 2025

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) er styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen. Han meiner det blir jobba godt med å syne kor viktig det er å få ned reisetida mellom Florø og Måløy.

– Noko av det viktigaste vi gjer er å jobbe samla i fylket for å få Staten til å overta denne vegen. Vi må vise at det blir så billeg at Staten blir med med ein gong. Vi er viljuge til å betale bompengar, og så må vi samla gå inn for å byte ut unødvendige ferjestrekningar og bruke ferjeavløysingsmidlar til å finansiere vegen.

Bengt Solheim-Olsen

OPTIMIST: Bengt Solheim-Olsen trur det vil vere ny veg mellom Florø og Måløy innan 2025.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dersom alt klaffar meiner Solheim-Olsen at kystvegen mellom Måløy og Florø vil vere ferdig innan 2025. Og skal vi tru partifelle Linda Hofstad Helleland skal det ikkje stå på velviljen.

– Eg synest vi skal prioritere samferdsel i Sogn og Fjordane. De er heldige med det arbeidet som er i gang med E39. Det er ei større satsing på samferdsel enn på mange, mange år. Det vil eg at Sogn og Fjordane skal ha nytte av, og Kystvegen vil eg iallfall vere med å bidra til kjem på plass.