NRK Meny
Normal

– Kvifor kan lærarar ha meir fråvær enn elevane?

Elevar i den vidaregåande skulen har iherdig kjempa mot tiprosentregelen for fråvær. No lurer Elevorganisasjonen på kvifor den same regelen ikkje gjeld for lærarar.

Flora vidaregåande skule

BØR HA SAME KRAV: Elevorganisasjonen meiner at lærarar i t.d. Flora vidaregåande skule bør ha like strenge krav til oppmøte som elevane. Arkivfoto.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– For oss elevane er det veldig strenge krav for oppmøte, vi blir jo tvinga til å møte opp. Kvifor kan lærarar då vere vekke så mykje som dei vil? Det spør politisk leiar i elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Iver Nydal.

Han fortel at han sjølv har opplevd at lærarar ikkje møter opp til timen når dei skal ha undervisning.

– Det er eit kjempeproblem. Nasjonalt forsvinn ein av ti undervisningstimar fordi læraren ikkje møter opp. Vi har høyrt om tilfelle der elevar sit att etter seks undervisningstimar og ikkje har hatt ein einaste lærar heile dagen, seier Nydal.

Elevorganisasjonen etterlyser strengare krav til oppmøte forlærarar, og lurer også på kvifor det ikkje vert sett inn vikarar når læraren er vekke frå undervisninga.

– Har ikkje fylkeskommunen råd til å setje inn vikarar? Vi kan ikkje godta at elevar mister så mykje undervisning som dei no gjer, seier Nydal.

Iver Nydal

– EIT KJEMPEPROBLEM: Iver Nydal er politisk leiar i Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane.

Foto: privat

Mange grunnar til fråver

Utdanningsforbundet fortel at det kan vere mange grunnar til at lærarar ikkje møter opp til timane som avtalt.

– Vi er jo midt oppi eit stort løft der lærarar skal ta meir etterutdanning, og ein konsekvens av det er at lærarar stundom ikkje har høve til å møte opp til timane sine, seier leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Steinar Strømsli.

Strømsli er likevel samd med elevorganisasjonen i at vikar lyt vere på plass når lærarar ikkje kan møte til timen.

– Der er vi heilt samde. Og eit stort poeng for oss er at vi treng vikarar med lærarutdanning. Å vere lærar krev både kompetanse og utdanning, og kan ikkje løysast av ufaglærte i så stor grad som i dag.

– Hovudregelen er at vi set inn vikar

Ingeborg Lie Fredheim, som er rådgjevar i opplæringsavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier at dei ikkje har noko oversikt over kor ofte lærarar er vekke frå undervisninga i den vidaregåande skulen.

– Det kan vere mange grunnar til at lærarar er vekke frå undervisninga, og det kan variere i kor stor grad elevane har fått beskjed om det på førehand, så det er vanskeleg å føre nokon presis statistikk over det, forklarer Fredheim.

Ho vil ikkje gå med på Elevorganisasjonen sine påstandar om at det ikkje vert sett inn vikarar for å spare pengar.

– Hovudregelen er at når lærar er vekke, så vert det sett inn vikar. Om det ikkje vert gjort, så er det ikkje for å få til innsparingar, men fordi ein til dømes har vorte samde med elevane om at dei kan ha studietime den timen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.