Hopp til innhold

– Kven har øydelagt porten vår?

Adrianne Kvam kom heim til garasjeport som er kløyvd i to. Skaden kostar 50.000 kroner å utbetre, og i mellomtida står både motorsykkelen og veteranbil innestengd i garasjen.

Adrianne Kvam

KOSTBART UHELL: Einkvan har truleg rygga inn i garasjeporten til Adrianne Kvam. No etterlyser ho vedkommande som snudde på tunet.

Foto: Privatfoto

– Eg håpar den som har gjort det er så vaksen av vedkommande melder seg, seier den fortvilte huseigaren på Hafslo i Luster.

Ho var ein snartur på hytta då ho måndag ettermiddag fekk telefon frå ein nabo.

– Han lurte på om eg viste korleis garasjeporten såg ut, fortel Adrianne Kvam.

Let seg ikkje opne

Berre kort tid før, hadde ho vore heimom. Då var alt i sin skjønnaste orden. Kvam gjorde vendereise for å sjå, og fann garasjeporten kløyvd i to, omtrent på midten.

– Det må ha skjedd mellom klokka 15 og 16 på måndag. Men ingen naboar har sett noko. Vi bur rett nok i enden av gata, men det er god plass til å snu. Ut frå skaden ser det ut som ein bil med hengar, liten lastebil eller noko anna med karm. Det er også litt grå lakk att på porten, fortel Kvam.

Garasje

PÅ INNSIDA: Ein VW Golf av første generasjon med veteranstatus og ein MC blir ståande innestengde, i påvente av at garasjeporten blir demontert. Til alt hell var familiebilen ute.

Foto: Privatfoto

Ein takstmann har vurdert skaden til 50.000 kroner. Heile den elektriske porten, motor og skjenegang må bytast.

– Det går ikkje an å opne porten. På Innsida står ein motorsykkel og ein veteranbil, fortel Kvam som likevel er glad for at kvardagsbilen var ute.

Øydelagt garasjeport på Hafslo

STORE SKADER: Heile den elektrisk drivne porten med motor og tilbehøyr må bytast. Takst: 50.000 kroner.

Foto: Privatfoto

Meld til politiet

Hafslobygdingen har etterlyst vitne til hendinga på Facebook, men trass i at mange har delt innlegget har ingen meldt seg.

– Dette blir ei forsikringssak, men det er likevel surt å måtte ut med 6000 kroner i eigendel rett før vi skal på ferie, seier garasjeeigaren som onsdag melde saka til politiet i Luster.

– Eg vil tru at ein merkar at ein ryggar på noko, sjølv om det skulle ha vore ein hengar eller ein liten lastebil. Eg håpar vedkommande får dårleg samvit og tek kontakt, seier Adrianne Kvam.