Hopp til innhold

– Kvar vart støtta til Abenezer av?

Bjarte Vatlestad er kritisk til at Høgre og Framstegspartiet i Sogndal ikkje lenger vil støtte kravet om regelendring som kan gi den fem år gamle autisten Abenezer og familien hans fast opphald i Norge.

Støttemarkering for Abenezer

STORT ENGASJEMENT: I Sogndal har mange jobba aktivt for at Abenezer og familien hans skal få verte buande i bygda.

Foto: Mari Husabø

Saka til Abenezer har skapt stort engasjement i Sogndal. Familien har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, og står i fare for å verte sende ut av landet.

Støttespelarane fryktar at autisten Abenezer ikkje skal få den hjelpa han har behov for når han no vert flytta til mottaket i Arna utanfor Bergen.

I fjor skreiv alle politiske leiarar i Sogndal under på eit krav om regelendring som kunne gitt også autistar opphaldsløyve på humanitært grunnlag i Norge. Men då kravet skulle gjentakast på nytt i vinter, ville ikkje Høgre og Framstegspartiet vere med.

– Let dei seg presse?

Dette har fått ein av støttespelarane til Abenezer, Bjarte Vatlestad, til å reagere. Spesielt er han overraska over at tidlegare gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane.

Karin Vikane

FÅR KRITIKK: Tidlegare gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ho var kanskje ein av dei som gjekk mest offensivt ut i media og sa at denne guten måtte vi hjelpe og syte for at vart verande i Sogndal. Difor synest eg det er påfallande at då vi tek opp att same saka i år, så er ho ikkje villig til å skrive under på dokumentet der det vert kravd regelendringar.

– Det same gjeld Rita Navarsete. Utan at ho var aktiv i media, så skreiv ho og under på same kravet i fjor. Er det press frå sentralt hald eller angrar dei på at dei støtta kravet i fjor, spør Vatlestad.

– Springer partiets ærend

Han meiner dei to politikarane no framstår som inhumane.

– Dette er to personar som veit kva denne situasjonen handlar om og korleis guten har det. Dei veit og kva som ventar han om han vert sendt ut av landet. At ein då framstår som partikaninar som ikkje tenkjer sjølv, det er ei skam.

Tidlegare gruppeleiar i Sogndal Høgre, Karin Vikane, seier at ho står ved det ho har sagt og gjort tidlegare. Men då ho ikkje lenger er gruppeleiar i Sogndal Høgre, viser ho til noverande gruppeleiar Einar Vatlestad for ytterlegare kommentarar.

– Usmakeleg personangrep

Han avviser kritikken til Bjarte Vatlestad, og kallar den for eit usmakleg personangrep.

Einar Vatlestad, leiar i Sogndal Høgre

HØGRE-LEIAR: Noverande gruppeleiar i Sogndal Høgre, Einar Vatlestad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg har i alle fall ikkje snakka med nokon. Vi har diskutert saka i kommunestyregruppa, og der er vi einige om at vi som politikarar ikkje kan gå inn i enkeltsaker. Det er ein konklusjon vi har kome fram til på eiga hand.

Gruppeleiaren seier han er opptatt av likebehandling og at dei ikkje kan engasjere seg meir i personar som har eit støtteapparat rundt seg enn personar som ikkje har same engasjementet rundt seg.

– Stolar på regjeringa

Også Rita Navarsete kallar kritikken for usmakeleg. Ho avviser å ha snakka med andre enn partifellar i lokallaget om denne saka. At ho skreiv under i fjor, men ikkje valde å gjere det same i år, har andre forklaringar som ho ikkje ønskjer å utdjupe.

Rita Navarsete

FÅR KRITIKK: Frp-politikar Rita Navarsete.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg ønskjer Abenezer alt vel. Men det er mange skjebnar, og vi som politikarar kan ikkje engasjere oss i enkeltsaker. Eg har tiltru til at regjeringa, uansett politisk ståstad, sikrar Abenezer og alle andre den hjelpa treng og har krav på, seier Navarsete til NRK.