NRK Meny
Normal

– Kva skal ein med politiske motstandarar når ein har sine verste fiendar i pressa?

Firda beklaga at hovudoppslaget på papiravisa fredag var direkte feil, men politikarane frå Høgre og Frp er ikkje nøgde. Dei skulle sett at det vart gjort meir tydeleg.

Britt Dalsbotten

SKYT FRÅ HOFTA: – Kva skal ein med politiske motstandarar når ein har sine verste fiendar i pressa?, spør Britt Dalsbotten etter at det feilaktig vart hevda at fylket har mista 500 arbeidsplassar under den blåblå regjeringa.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Val

– Eg syns det er heilt på sin plass at dei beklagar seg, men dei burde ha lagt den også på framsida. Eg er skuffa, seier førstekandidat frå Framstegspartiet, Britt Dalsbotten til NRK.

Fredag stod det på framsida og over to sider i papiravisa til Firda at over 500 arbeidsplassar var vekke frå fylket under den blåblå-regjeringa. Saka var bygd på tal frå Statistisk sentralbyrå, men det viste seg å vera feil. Det faktiske talet er 900 fleire arbeidsplassar.

På side åtte i laurdagens papiravis og som hovudoppslag på nett i fredag kveld har Firda dementert saka og beklaga at dei ikkje dobbeltsjekka statistikken.

På framsida

I dagens papiravis er heile side åtte sett av til å beklaga feilen, men debatten har gått kraftig på Facebook-sidene til både Dalsbotten og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H). Fleire representantar frå begge partia har sagt si meining, blant anna samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Dei sette av heile framsida til den negative saka om at det var færre arbeidsplassar, men då det viste seg at det var ei positiv sak om nær tusen nye arbeidsplassar fekk det ikkje plass på framsida, seier Dalsbotten.

– Dette er ekstra skadeleg no rett før valet. Kva skal ein med politiske motstandarar når ein har sin verste fiendar i pressen?, spør ho retorisk.

Lødemel ønsker ikkje å kommentere saka, men fylkesleiar for Høgre, Vidar Grønnevik, seier dette:

– Det er ikkje noko nytt at trykte medium gjer det på denne måte og gjev dementi for dårleg plassering. Det gjeld både denne saka og generelt, meiner han.

Vart diskutert

På dagens framside av Firda er det ikkje vist til saka om at Firda hadde teke feil.

– Det forundrar meg at ikkje dementiaen var tilvist til på framsida, då dei hadde den feilaktige saka på framsida dagen før, seier fylkessekretær for Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen.

Men legg til.

– Eg syns det var sporty av Firda å dementere det og redaktøren ringde meg i går. Det syns eg var bra gjort, seier Myrvollen.

Firda-redaktør Yngve Årdal seier dette var ei vurdering dei gjorde.

– Vi hamna på at ei heilside inne i avisa var rikeleg. Det vart diskutert, men samstundes er det slik at saka låg som hovudoppslag på våre nettsider lenge i går kveld, og det er der lesarane ser nyheitene først, seier Årdal.

– Vi opptrer ryddig

Han seier følgande til «verste fiende i pressa»-utsegna til Dalsbotten:

– Firda og andre medium i Sogn og Fjordane opptrer utruleg ryddig overfor dei politiske partia. Firda gjorde ein feil, men så fort vi vart klar over det, var det vi sjølve som gjekk ut og gav beskjed til mellom anna Høgre.

– Firda har ikkje vore borti slikt før, og eg håpar det blir lenge til neste gong. Vi er avhengig av tillit og har ingen intensjonar om å drive skittent spel. Det er valkamp, då skal vi vere ryddige, og når vi feilar skal vi rydde opp, seier Årdal.

NRK siterte Firda si sak fredag på radio. Vi beklagar at vi bringa vidare opplysningar som viste seg å ikkje vera rette, utan å faktasjekke sjølve.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.