Hopp til innhold

– KrF har meir å hente hos oss

Ap-Jonas frir igjen: KrF må velje flokken hans.

Jonas Gahr Støre

VIL SAMARBEIDE: Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner KrF har eit sterkare felles verdisyn med venstresida enn regjeringa dei er støtteparti for.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dagen før landsstyremøtet i Kristeleg Folkeparti er det knytt stor spenning til kva politisk kurs parti vil velje. Mange hevdar partileiar Knut Arild Hareide flørtar med Ap og venstresida i boka han gav ut for to dagar sidan.

I dag deltok Ap-leiar Jonas Gahr Støre på ein kraftkonferanse på Sandane i Sogn og Fjordane. Og sjølv der let han ikkje høvet gå frå seg til nok eit frieri.

– Eg trur Kristeleg Folkeparti har meir å hente på vår side av streken. Når det gjeld spørsmål om rettferdig fordeling, velferd, kampen mot fattigdom, klima og internasjonal solidaritet, så står dei for eit verdisyn som har meir til felles med det vi har i sosialdemokratiet, svarar Ap-leiaren då NRK spør han kva KrF bør gjere.

Støre seier han har notert seg at det er frustrasjon i partiet.

– Det blir spennande å høyre kva dei kjem fram til. Dei er openbert ikkje fornøgde med dagens situasjon, der dei står i midten og er eit støtteparti for regjeringa.

Har bestemt seg

På veg til kveldens sentralstyremøte i partiet seier ein ordknapp Knut Arild Hareide at valet av politisk side vert tema.

Knut Arild Hareide med ny bok

FORFATTAR: Mange meiner Knut Arild Hareide frir til Ap i den nye boka han lanserte sist tysdag.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Eg har sagt at eg skal seie meir om dette på landsstyremøtet i morgon.

Til same møtet kom også ein like ordknapp 1. nestleiar Olaug Bollestad:

– Vi har fått ei bestilling frå landsstyret, og vi skal svare dei i morgon. Det ventar eg at Knut Arild Hareide og vi andre i leiinga også gjer då.

– Har du bestemt deg for kven KrF bør samarbeide med?

– Ja, det har eg.

– Og du er heilt sikker?

– Ja.

– Frp driv styggeprat

KrF er splitta i synet på om dei framleis skal vere eit støtteparti for regjeringa eller om dei skal søkje hamn hos venstresida.

Ein av nestorane i partiet er Trude Brosvik. Ho har tidlegare sete i sentralstyret og siktar no mot å verte partiet sin toppkandidat i det nye vestlandsfylket. Ho ønskjer ikkje å late seg intervjue før morgondagens møte, for å gi styret arbeidsro. Men i eit lesarinnlegg i avisa Vårt Land nyleg, kan ho ikkje tolkast annleis enn at ho ønskjer å setje kursen mot venstre. Ho peikar mellom anna på at ho opplever at det i aukande grad opnar seg større rom for gjennomslag i verdisaker saman med Sp og Ap.

– Dessutan tenkjer eg at å gå inn i regjering med H, Frp og V no, vil vere å godta at Frp får drive på med styggepratet sitt (for å kalle ein spade for ein spade) om utsette grupper og religionar, skriv ho i innlegget i Vårt Land.