Hopp til innhold

– Konflikten dyssa ned i fem år

Heilt sidan 2006 skal styret ha vore kjend med konflikten i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

mobbesak

STØR KVARANDRE: Jarle Kirketeig og Ruth Skrede meiner det no er rett å fortelje om tilhøva i Fellesforbundet.

Foto: Bård Siem / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det hevdar Stefan Blaes, tidlegare styremedlem.

Blaes sat i styret i Fellesforbundet frå 2007 til 2010, og har vore vitne til det han har opplevd som fleire stygge episodar.

– Det var utskjelling med banning, og det høver seg ikkje å gjere slikt mot ein tilsett, seier han.

Fysisk og psykisk nedbroten

NRK har siste tida fortald om tidlegare tilsette som har kjent seg mobba og trakassert i Fellesforbundet sitt kontor i Førde.

Tidlegare organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig hadde ikkje arbeidd lenge ved fylkeskontoret i Førde før han byrja å føle at leiaren, Magne Ulvatn, ville ta han. Ifølgje Kirketeig hadde også forgjengaren kjend seg dårleg handsama. Etter kvart kjende Kirketeig seg direkte mobba.

– Når ein tenkjer på at ein jobbar i ei fagforeining og går til leiaren sin og spør om å få vere med jentungen på første skuledag, noko ein har rett til etter tariffavtalen, og får beskjed om... skal eg bruke orda ordrett; «No får du faen meg gje deg, det er ikkje vi som betalar for desse ungane dine. Dette får du sende kona di på.», fortel Kirketeig.

– Eg har opplevd ein leiar som har brote meg ned både fysisk og psykisk, seier han.

Dyssa ned rapport

Kirketeig er ikkje åleine. To har vald å forlate Fellesforbundet, medan ein er langtidssjukmeld. Atle Reidar Sandnes, som var fylkesleiar frå 2005 til 2006, meiner det er skammeleg at Ulvatn likevel er attvald som leiar. Han samanliknar saka med den langt meir kjende Valla/Yssen-striden som gjekk så langt at den tidlegare så mektige LO-leiaren måtte gå av grunna leiarstilen.

Blaes skreiv ein kritisk rapport der han tok opp leiarstilen til styreleiaren.

Denne rapporten vart dyssa ned og teken ut av årsmeldinga.

– Eg skreiv min eigen rapport frå mitt utval, så vart eg kalla tilbake for at ein ikkje kan utøve kritikk innover i avdelinga i ein årsrapport, fortel Blaes.

Ynskjer ikkje negativ omtale

Magne Ulvatn

LEIAR: Magne Ulvatn vil ikkje kommentere kritikken.

Foto: Olav Hatlemark / Firdaposten

NRK har gjort gjentekne gonger prøvd å få kommentar frå Fellesforbundet i saka. Men Magne Ulvatn, som vart vald til leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane i 2006, ynskjer ikkje å uttale seg. Han viser vidare til Geir Olsen, administrerande distriktssekretær i Fellesforbundet Hordaland og Sogn og Fjordane.

Heller ikkje han vil uttale seg.

– For å seie det slik, så ynskjer ikkje Fellesforbundet noko negative oppslag om Fellesforbundet, er einaste informasjonssjef Vidar Grønli i Fellesforbundet vil seie.

– Treng reingjering

Blaes oppmodar Ulvatn til å gå av som leiar med det same, og ber dei andre styremedlemene vurdere sine posisjonar. Også klubbleiar ved Havyard Leirvik, Gerd Snekkevåg, har kravd fylkesleiaren sin avgang.

– For det første må avdelinga gå igjennom ein skikkeleg reingjeringsprosess. Eg tykkjer det er uhaldbare tilstandar. Det seier seg sjølv at slikt går ikkje an, seier Blaes.

Glad for støtte

For Kirketeig var det ei vanskeleg avgjerd å fortelje om konflikten i media, men seier han gjorde dette ikkje minst av omsyn til framtidige tilsette i Fellesforbundet.

No er han glad for at også tidlegare kollegaer går ut og støttar han.

– Heldigvis og takk og lov så er det mange andre som står fram i media. Dei har også tidlegare sagt at dei ville støtte meg i ei eventuell rettssak.