– Arbeidarpartiet meiner at det er fornuftig med endringar i kommunestrukturen, men at det skal baserast på frivilligheit og gode lokale prosessar, seier Kristin Maurstad, som er ordførar for Arbeidarpartiet i Vågsøy.
På landsmøtet var det diskusjon om det skulle stå at kommunesamanslåingar som hovudregel skal skje frivillig, eller om det skulle stå at kommunesamanslåing skal vere frivillig.
Ville ha opning for tvang
Maurstad høyrde til mindretalet som meinte at Stortinget burde ha moglegheit til å bruke tvang.
– Eg meinte at i enkelte tilfelle der to av tre kommunar ynskjer å slå seg i saman, så burde Stortinget ha den moglegheita, seier Maurstad.
Dette er ei spørsmålsstilling som har vorte aktualisert i hennar eigen heimkommune. Vågsøy og Flora ynskjer å slå seg saman til Kinn kommune. Midt i mellom ligg Bremanger som ynskjer å stå åleine. I førre veke gjekk Fylkesmannen inn for at Stortinget skulle bruke tvang mot Bremanger. Men her meiner ikkje Maurstad det er rett å bruke tvang.
- Les også:
– Ikkje i det tilfelle. Vi snakkar om kommunar som er integrerte og har ein heilt annan bu og arbeidsmarknad enn desse tre kommunane. Det var ikkje eit ynskje om å bruke tvang i den samanslåinga som var mitt utgangspunkt, seier Maurstad.
Ventar på Stortinget
I Bremanger står dei fast på sjølvstendelina. Gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Bremanger, Espen Sortevik seier dei no vil venta på kva Stortinget seier.
– Vi kjem ikkje til å starte på noko forhandlingar før vi må. Vi kjem no til å venta på Stortingsproposisjonen før vi gjer noko, seier Sortevik.
– Kva vil det få og seie for Bremanger dersom de no skulle bli tvinga med i Kinn kommune?
– Det trur eg vil føre til svært anstrengde forhandlingar og stor uro framover. I utgangspunktet så håpar vi at det ikkje vert brukt tvang, seier Sortevik.