Hopp til innhold

– Kommunane må vise rausheit i samanslåingsdiskusjonane

– Raushet er eit nøkkelord når kommunane no vurderar kven dei skal slå seg i hop med. Det sa statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jardar Jensen under Kommunekonferansen i Førde i tysdag

Jardar Jensen

MÅ VERE RAUSE: Jardar Jensen er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foto: Stein Aase / NRK

– Ein må få til gode lokale samtalar og etter kvart også avtalar for korleis ting skal vere i framtida, seier Jensen.

Kommunesamanslåing var hovudtema på kommunekonferansen i Førde i dag, der smått og stort av ordførarar, rådmenn, statssekretær og NHO er samla.

Mellom dei mange som gav til kjenne si meining var professor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam. Han ser mange og store utfordringar på vegen mot 2020 når den store kommunereforma skal tre i kraft.

Større forskjellar

Jørgen Amdam

MANGE UTFORDRINGAR: Professor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Eg trur vi vil få store lokale og regionale forskjellar mellom dei som klarar å danse i lag, og dei som ikkje greier det, seier Amdam.

Regjeringa har bydd opp til dans, og kommunane ser seg om etter dansepartnarar. Men det hjelper ikkje med mange namn på ballkortet om ein ikkje dansar til den same musikken.

I Sunnfjord går diskusjonen høgt om korvidt ein skal satse på ein stor storkommune, men det har synt seg å vere ei vanskeleg balanseøving for kommunane som diskuterer samarbeid.

– Utfordringane kan vere mange, til dømes kva skjer med ein kraftkommune. Dersom du er i kraftkommune så vil ei kommunesamanslåing nesten alltid føre til at du får ein dårlegare standard. Er det då ynskjeleg at dei slår seg saman spør Amdam.

Må vere rause

– Ein må verte samde om kva ein er gode på, korleis ein kan utvikle dette vidare og korleis ein skal fordele tenestene framover, og då er rausheit viktig seier Jensen.

Erfaringar frå tidlegare samanslåingar er at administrative einingar og blir samla og sentraliserte.

– Men tenestetilbodet til innbyggarane må utøvast der dei bur. Noko av nøkkelen til denne reforma er at vi skal klare å gi betre tenester der folk bur. Det er eit stor mål og det trur eg vi skal greie, seier Jensen.