Hopp til innhold

«Den store overraskinga var dei omfattande utgravingane, og at det gjekk så ekstremt fort»

Kommunane er for dårleg budde på flaumskadar, som utgraving og erosjon kan skapa, meiner Vestlandsforsking, som har granska storflaumen i Lærdal og Aurland.

Sjå Flåm frå lufta etter flaumen sine herjingar.

ELVA GROV MED STOR KRAFT: Flåm filma frå lufta etter herjingane til Flåmselvi 28. oktober 2014. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke.

– Den store overraskinga var at det blei så store utgravingar, og at det gjekk så ekstremt fort, seier forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Forskingsinstituttet i Sogndal har – på oppdrag frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) – granska dei store skadane etter oktoberflaumen i Lærdal, Flåmsdalen, Odda og Voss i 2014. Forskingsrapporten viser at utgraving av store lausmassar var ein meir dramatisk konsekvens, enn sjølve overfløyminga.

Ser seg blinde på flaumkart

Carlo Aall

GRANSKA STORFLAUMEN I 2014: Kommunane bør kartleggja erosjons- og utgravingsfaren, seier forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Aall meiner mange kommunar i det klimaførebyggjande arbeidet sitt, har sett seg blinde på dei såkalla flaumkarta:

– Dei er berre overfløymingskart. Dei er ikkje utgravingskart. Forskingsprosjektet har funne at kommunane må stikka fingeren i jorda – bokstavleg tala. Dei må gå langs elvebreiddene og vurdera om førebygginga er god nok til å hindra at elvene byrjar å grava, slik dei gjorde i 2014.

Flaumen 28. oktober 2014 gjorde omfattande skadar i Flåmsdalen:

  • 260 menneske blei evakuerte.
  • 12 hus blei tekne eller totalskadde av elva.
  • 3,3 kilometer veg og 10 bruer blei anten fjerna eller øydelagde.
  • Prislappen på dei omfattande skadane er rekna ut til på om lag 130 millionar kroner, berre i Aurland kommune.

Kom overraskande

– Flåmselvi si omfattande utgraving under flaumen kom overraskande, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland:

Distad ved Flåm skule

VASSKRAFT SOM FLAUMDEMPING: For å hindra nye flaumar vil aurlandsordførar Noralv Distad føra vatn frå Flåmvassdraget til Viddals-magasinet, som er ein del av Aurlandsvassdraget.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Elva fekk tak i store lausmassar som kom i drift. Elvebotn blei fylt opp, slik at elva blei grunnare og vatnet dermed fløymde over og gjorde store skadar på hus, bygningar og infrastruktur.

Distad skal i dag møta olje- og energiminister Tord Lien (Frp) om etterspelet etter flaumen.

Aurland hadde kartlagt flaumfaren i Flåmsdalen i 2009, men det tok ikkje føre seg utgraving og erosjon. Vestlandsforsking meiner kommunane må synfara kritiske punkt og dessutan reinska opp langs elveløpa, også i sidevassdrag.

Tryggleik føre naturverdiar

Distad har òg arbeidd med andre løysingar, som å byggja ein vasstunnel og stoppa vatnet i eit basseng, før det når den tronge Flåmsdalen. Dette skal finansierast av meir kraftproduksjon. For å få dette til må vernevedtak opphevast. Håpet til Distad på sikt er å få grønt lys frå energiministeren.

– Me må kunna manøvrera vatnet i Flåmsvassdraget og føra det over i periodar for å unngå denne typen skade. Krava me fremjar er tufta på kunnskap, seier Distad.

– Var vanskeleg å føreseia

Også i Lærdal førte flaumen til stor utgraving og omfattande skadar langs fleire sideelvar:

  • Over 30 personar blei evakuerte, dei fleste i området Tønjum-Ljøsne.
  • Over femti innbyggjarar i kommunen mista vegsambandet.
  • Dei store mengdene lausmassar øydela elles bruer og mykje landbruksareal, som store nyplanta morellhagar.
Arne Slogvik i Lærdal har mista fleire mål med moreller

STORE LAUSMASSESKADAR: Arne Slogvik i Lærdal mista fleire mål med morellar i oktoberflaumen i 2014. Også bringebærtrea fekk gjennomgå.

Foto: H

Når Vestlandsforsking ber kommunane kartleggja erosjons- og utgravingsfaren betre, er ikkje ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), usamd i det:

– Det er lurt å følgja med på om elvene har byrja å grava, og korleis jorda blir dyrka inntil vassdraga våre, men situasjonen som me kom opp i, var vanskeleg å føreseia.