Hopp til innhold

– Også menn bør halde seg unna alkohol dersom dei skal bli far

Kan komande fedrar drikke seg fulle utan at det får konsekvensar for barnet som skal bli til? Nyare forsking tyder på at også menn bør halde seg unna alkohol.

Egil Nordlie (alkohol og graviditet(

MENN BØR UNNGÅ ALKOHOL: Overlege Egil Nordlie ved Borgestadklinikken meiner det er på tide at også menn får eit bevisst forhold til alkohol når dei skal bli far.

Foto: montasje colourbox.com/Borgestadklinikken

– Også menn bør halde seg unna alkohol dersom dei planlegg å bli far, seier overlege Egil Nordlie ved Borgestadklinikken.

I dag er dei aller fleste kjent med at kvinner bør halde seg langt unna alkohol når dei ventar barn. Men nyare forsking tyder på at også menn bør ha eit bevisst forhold til rusmiddelet i samband med graviditet.

– «Alle» veit at mor ikkje kan drikke

Hylla med informasjonsmateriell står høg på den eine langveggen på kontoret til jordmora på Sande i Gaular. Den er full av brosjyrar om graviditet, og mange av dei tek for seg problemstillinga med alkohol i svangerskapet.

Kvinner som planlegg barn eller er gravide bør halde seg langt unna giftstoffet, er den klare beskjeden.

– Alkoholen er forgiftande, og kan føre til at cellene blir skadde i delingsprosessen. Då kan det oppstå til dømes misdanningar, fortel jordmor Brith Nilsen Lunde.

Kvart år blir det i Norge født mellom 60 og 600 born med alkoholskadar. Dette kan vere til dømes fysiske misdanningar, lærevanskar og psykisk utviklingshemming. Nilsen Lunde i Gaular seier dei aller fleste kjenner til desse farane.

– Det verkar er kjent med at desse skadane kan oppstår dersom kvinna drikk alkohol i samband med svangerskapet. Spesielt førstegongsfødande er interesserte i denne typen informasjon, seier Nilsen Lunde.

Gravide kvinner blir også spurt om sitt forhold til alkohol i samband med kontrollar hos jordmor, og dei får også utlevert informasjonsmateriell som er utarbeidd av Helsedirektoratet.

Meiner også menn bør unngå alkohol

Men kva så med menn? Kan dei drikke seg fulle utan at det får konsekvensar for barnet som skal bli til? Ja, sjølvsagt tenkjer nok mange, men nyare forsking tyder på at svaret ikkje er så sikkert.

– Det er ein del funderingar og teoriar rundt dette, seier overlege Egil Nordlie ved Borgestadklinikken.

Nordlie har i over 20 år jobba med rus og gravide kvinner. No er det er på høg tid at også menn får eit meir bevisst forhold til alkohol når eitt nytt liv skal bli til, meiner han.

– Det er ein såpass ømfintleg prosess, og det dreier seg om eit nytt individ. Difor bør ein vere forsiktig på alle måtar, seier Nordlie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gravid kvinne drikker øl

NEI: Dei aller fleste veit at dette er skadeleg. Men bør også menn halde seg unna?

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Større fare for spontanabort

Sjølv om det per i dag ikkje finst veldig mykje forsking på feltet, er det ein veit nok til at folk bør ta det på alvor, meiner den erfarne overlegen.

– Det vi veit er at risikoen for spontanabort er like stor, eller minst like stor, dersom far har drukke alkohol i samband med befruktning, som når mor har gjort det, seier Nordlie.

I tillegg vil alkoholen påverke kva sædceller som når fram til egget inne i kvinna. Dette skuldast at sædveska blir alkoholisert, forklarar overlegen.

– Normalt sett så skal dei beste, mest sunne og friske sædcellene når fram til egget først. Dersom sædveska er alkoholisert vil det kunne føre til at dei nest beste eller tredje beste når fram til egget, og det vil seie at individet kan få følgjeskadar eller skavankar av det, seier Nordlie.

– Dette er alvorleg

Den erfarne overlegen meiner dette er forsking folk absolutt bør ta på alvor.

– For nokre år sidan visste ein ikkje kor alvorleg det var at kvinna drakk alkohol under svangerskapet. Berre for 15–20 år sidan visste vi ikkje at det var så alvorleg som det er, seier Nordlie og legg til:

– Det kan tenkjast at vi om nokre år veit langt meir om dette, og då bør vi allereie no viste forsiktigheit, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alkoholskader

ALKOHOLSKADAR: Kvart år blir det født mellom 60 og 600 barn i Norge med alkoholskadar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det høyrer ikkje saman, rett og slett

Nordlie presiserer at det finst lite forsking når det kjem til fars forhold til alkohol under befruktninga.

Kor vidt dette kan føre til liknande skader som dei som kjem av alkoholmisbruk hos gravide kvinner er mykje for tidleg å seie noko om.

– Eg meiner uansett at tida no er moden for at også menn er obs på dette. Dei bør vere bevisste på at alkohol og svangerskap, eller planlegging av svangerskap ikkje høyrer saman, rett og slett, seier Nordlie.

– Spennande, seier jordmora

På jordmorkontoret til Brith Nilsen Lunde i Gaular finst det i dag informasjonsmateriell om kvinner og alkohol i svangerskapet på mange språk. Men noko informasjon om menns forhold finst ikkje enno.

– Det er veldig interessant at dei forskar på dette. For foreldra, og spesielt mor, er veldig interessert i å leve så sunt som mogleg for å få eit så friskt barn som mogleg, seier Brith Nilsen Lunde.

Ho fortel at kvinner i dag har eit heilt anna forhold til alkohol enn berre for nokre år sidan. For mange kvinner er det svært vanskeleg å skulle halde seg heilt unna det som for mange er edle dråpar, medan det nye livet utviklar seg i magen.

– Det er veldig mange sosiale settingar der ein drikk alkohol, og det er ikkje alltid det finst så mange sosialt aksepterte unnskyldningar for å ikkje drikke, seier jordmora.

– Menn bør vere moralske støttespelarar

Brith Nilsen Lunde

SOLIDARISK: Jordmord Brith Nilsen Lunde i Gaular meiner menn uansett bør halde seg unna alkohol i svangerskapet for å vere ein moralsk støttespelar for kvinna.

Foto: Anna Gytri / NRK

Om nokre år kan det kome retningslinjer for korleis far bør halde seg til alkohol når barnet skal bli til.

Enn så lenge meiner jordmor Brith Nilsen Lunde at menn uansett bør vere solidariske desse ni månadene.

– Det er godt for kvinna som er gravid, dersom mannen er solidarisk og held seg unna alkohol han også. Dette kan lette livsførselen, spesielt med tanke på at kvinna blir utsett for mykje drikkepress, seier ho og legg til:

– I tillegg betyr det noko for den kvardagen som kjem etter fødselen. Det er viktig at både mor og far har eit sunt forhold til alkohol når dei skal leve saman med eit lite barn.