Hopp til innhold

– Knuste flasker, brukte bleier og plastsekkar høyrer ikkje heime i fjellheimen

– Kvar gong vi går på tur i Vikafjellet, fyller vi opp alt vi har av posar og sekkar. Det burde vore bot for å kaste frå seg plastemballasje, eingongsgrillar og ølboksar i naturen.

Oddny Ringheim

PLUKKAR SØPPEL: Oddny Ringheim gjer jobben mange andre overser. Det ligg mykje søppel i fjellet. Ho meiner folk må ta meir ansvar og ikkje kaste frå seg søppel i naturen.

Foto: Oddny Ringheim / Privat

Oddny Ringheim går og joggar ofte i fjellet. Der finn ho mykje rart som ho meiner ikkje høyrer heime i den norske fjellheimen.

Bos i fjellet

PALLE OG PLAST: Noko av det Ringheim har funne og kasta.

Foto: Oddny Ringheim

– Eg finn ølboksar, masse plast, knuste glasflasker, bleier, plastposar, bildelar og mykje anna søppel, fortel ho.

Ein del av boset ber preg av å vere gamalt og ha ligge i fjellet ei god stund. I området der ho har hytte på Vikafjellet går det beitedyr som kyr og sauer. I tillegg er der villrein.

– Eg finn ølboksar som ser ut til å ha fått seg ei runde i snøfresa. Desse får skarpe kantar, fortel ho.

Bos i Fjellet

ØLBOKSAR GÅR ATT: – Eg trur mange kastar ølboksar ut frå bilvindauga. Desse fer med vinden og kan fare langt av stad. Nokre boksar ber preg av å ha fått seg ein runde i snøfresa, andre er heilt falma, fortel Ringheim.

Foto: Oddny Ringheim

– Mykje av søppelet er ofte falma. Det verkar som om folk kastar ølboksar og plast ut vindauget frå bilen også blir det teke av vinden. Eg finn også mykje rask langs bilvegen, fortel ho.

Når Ringheim er på tur i fjellet fyller ho opp det ho har av posar og sekkar. Det same gjer ofte turfølget hennar.

Bos i fjellet

PLUKKAR BOS: Torsdag 21. juli gjekk Ringheim og niesa, Lina Hønsi Blanco, tur på Vikafjellet. Dei fann mykje søppel i området der dei har hytte.

Foto: Oddny Ringheim

Ingen tek ansvar

Ringheim finn også mykje søppel langs riksveg 13 over Vikafjellet, men også etter å ha gått rundt 10 kilometer til den høgste delen av fjellet, ligg der søppel.

– Det er ingen som tek ansvaret for søppelet i fjellet. Det har vore mykje snakk den siste tida om plast som hamnar i sjøen og gjer skade. Det er nok der mykje av dette hamnar til slutt og, seier ho.

Bos i fjellet

KNUST: Ei knust glasflaske i lyngen på Vikafjellet.

Foto: Oddny Ringheim

Ho kan ikkje skjøne kvifor folk ikkje tek med seg brukte bleier, våtserviettar og anna ikkje-nedbrytbart materiale.

– Folk kan ta med seg søppelet sitt og ikkje la det bli liggande. Eg trur at for dei fleste er det å ikkje kaste søppel i naturen ei sjølvfølge.

Bos i fjellet

LANGS RV 13: Når snøen smeltar er det mykje rart som kjem til syne. Dette plukkar Ringheim med seg og kastar på forsvarleg vis.

Foto: Oddny Ringheim

Tiltak som kan hjelpe

– Kanskje auka pant på flasker og boksar kan hjelpe. Vi kan nok få opp nokre boskorger til også. Då kan ein kaste søppelet på lovleg vis. Til dømes har eg ikkje sett noko boskorg på rasteplassen rett på grensa til Hordaland, seier ho.

Bos i fjellet

NATUR OG BOS: Noko som kan vere ein bildel og plast på fjellet.

Foto: Oddny Ringheim

Ho trur ikkje det er folk frå utlandet som forsøplar.

– Eg mistenkjer at det er vi nordmenn sjølve som står for denne forsøplinga. Ein skal kanskje på fest, drikk øl i bilen og kastar boksen eller flaska ut vindauget.

Ho finn mykje bos i vegkanten og nærme vegen også.

– Eg trur ein del kan stamme ifrå påska òg. Då set folk seg gjerne ned langs vegen.

Bos i fjellet

NORSK NATUR OG SØPPEL: Er det slik vi vil ha det når vi går på tur? Oddny Ringheim vil ikkje det. Derfor plukkar ho med seg søppelet ho finn.

Foto: Oddny Ringheim

Instagram frå Oddny Ringheim torsdag 21. juli: