– Kjøt veks ikkje i kjøledisken

Per legg ut bilete av griseslakting: Skal nordmenn ha mat, må vi slakte!

Griseslakteri i Sogndalsdalen

SLAKTAR: Slik presenterte bonde Per Hilleren (t.h.) griseslaktinga på Facebook.

Foto: PRIVAT

– Mange veit ikkje lenger kvar maten vår kjem frå, seier Per Hilleren.

Førre veke la bonden og sogndølen ut bilete frå haustens griseslakting på Facebook. Målet er å avmystifisere, seier han.

– Eg tykkjer det er viktig å vise fram korleis me produserer mat.

Han legg til at han er skremt over kor framandgjort det moderne mennesket er blitt i møte med heilt naturlege ting, og viser blant anna til saka om den 18 år gamle Pia Holden, som valde å ete sin eigen hest etter at den vart avliva. Saka fekk stor spreiing på nettet, og trønderjenta fekk drapstruslar.

– Eg lurer på kva folk tenkjer når dei går rundt og hetsar på den måten. Skal me ha mat, så må me avlive, seier Hilleren, som tidlegare jobba i slakteindustrien.

Per Hilleren spyler slakta gris

VISER FRAM: Bonde Per Hilleren meiner det er viktig å vise fram korleis maten vi et vert produsert.

Foto: PRIVAT

LES MEIR: Emilie (16) skaut sin første elgokse under årets jakt.

– Lyt bli konfrontert

Sist helg aksjonerte Samuel Rostøl, leiar for norsk veganersamfunn, mot ei offentleg griseslakting i Eidsvoll. Han let seg likevel ikkje forarge av bileta av griseslaktinga på Facebook.

– Først må eg seie at me alltid tykkjer det er feil å drepe dyr, men å publisere bilete av det etterpå er noko heilt anna enn å gjere det framfor eit publikum. Folk som et kjøt lyt bli konfronterte med kor det kjem ifrå.

Eit større problem, seier han, er «hemmeleghaldet» rundt metodane for avliving hos slakteria:

– Mange veit lite rundt avlivinga av grisar på slakteri. Måten grisar vert gassa på i dag, er svært smertefulle prosessar for grisane, der det kjennast som om det brenn i lunger og hals. Dette er openbert verre å bli kvelt, enn å verte skoten i hovudet, seier han.

Lørdag aksjonerte Samuel Rostøl, leiar for norsk veganersamfunn, mot ein offentleg griseslakting.

AKSJONERTE: Sist helg aksjonerte Samuel Rostøl, leiar for norsk veganersamfunn, mot ei offentleg griseslakting i Eidsvoll.

Foto: Clèment Martz /

– Døyr ikkje umiddelbart

– Det er fordeler og ulemper med alle metodar. I Noreg vert det brukt moderne gassfeller for bedøving av 92 prosent av grisene som vert slakta, seier Elisiv Tolo, som er spesialveterinær for bedøving og avliving i bransjeorganisasjonen Animalia.

Ho fortel at grisene vert drivne gruppevis til bedøving, utan bruk av tvang.

– Metoden er sikker og det er svært liten risiko for menneskelege feil. Ved slakting av større volum er dette ein stor fordel sett opp mot å halde fast eitt og eitt dyr, som er nødvendig for å sikre god effekt av bolt eller straum. Skal ein halde fast dyra betyr det bruk av tvang og stress på eit stort slakteri.

Men Tolo seier at dyra ikkje døyr umiddelbart ved bruk av gass, og at grisene opplever ubehag før dei vert medvitslause. Ifølgje henne har skandinaviske forskarar funne ut at grisene gradvis mister medvitet frå dei pustar inn gassen til dei vert medvitslause etter kring 15 sekund ved den gassmengda som er vanleg ved norske slakteri.

– Forskarar som har gjort forsøk under litt andre vilkår enn vi har er meir kritiske. Etter ei heilskapsvurdering er CO₂ likevel vurdert som beste praksisen ved bedøving av griser i mange europeiske land.