Hopp til innhold

– Kjem du att ein gong til, så forvent å få ein kniv midt i trynet!

Ein mann i 60-åra oppfordra folk til å knivstikke politibetjentar i direktesending på Facebook.

Sogn og Fjordane tingrett

SOGN OG FJORDANE TINGRETT: Mannen vart dømt til varetektsfengsling i fire veker.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Bodskapen kan potensielt nå ut til mange og videoen kan bli formidla vidare, seier politiadvokat Malin Skeibrok Ånesen.

Ho ser det som høgst alvorleg at truslane vart formidla gjennom Facebook.

Mannen er sikta for grove truslar mot tilsette i politiet og blir varetektsfengsla i fire veker. Han har fleire gonger tidlegare vore meldt til politiet for å ha truga offentlege tenestemenn. Retten meiner den sikta var tilrekneleg under handlinga.

Oppmoda folk om å bruke kniv

– Det er truslar om drap og vald mot polititenestemenn. Dette er straffbare handlingar som politiet ser veldig alvorleg på, seier Ånesen.

Facebook

OFFENTLEGE TRUSLAR: Mannen oppmoda til valdshandlingar gjennom direktesending på Facebook-profilen sin.

Foto: Stephen Lam / Reuters

I videoen som vart sendt direkte frå den offentlege Facebook-profilen til mannen, oppmoda han andre om å slå ned politiet med balltre eller stikke dei med kniv. Med på videoen hadde han to knivar for å illustrere handlingane.

Namngav dei han ville skade

På eit seinare tidspunkt namngav han to tilsette i politiet med truslar om å knivstikke dei om dei kom heim til han.

Under rettsmøtet uttala han at han ikkje meinte å komme med truslar, og at han aldri ville bruke kniv til å skade nokon.

– Tilsette i politiet har eit særskild behov for vern fordi jobben utøvast på vegner av det offentlege, seier Ånesen.

Politiet bad om at sikta vart varetektsfengsla fordi det er sannsynleg at han vil gjere nye straffbare handlingar.