NRK Meny
Normal

– Kastrering er alfa omega

Det er så mange heimlause kattar at dei frivillige i Dyrebeskyttelsen slit seg ut på å ta vare på dei. No vil dei at alle eigarar skal få katten sin kastrert.

Kattungar i fosterheim

SØTE ...: Men sårbare. Det florerer med heimlause kattar i fylket, ifølgje Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Det er for mange kattar, og det er ikkje nok heimar til dei. Så lenge folk ikkje er flinke til å kastrere kattane sine, blir det endå fleire. Det blir ein ond sirkel, seier nestleiar Anne Jo Bjordal i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Det er vanskeleg å seie kor mange eigarlause kattar som streifar rundt. Men organisasjonen har for tida ansvaret for over 120 som bur i fosterheimar medan dei ventar på ein fast heim.

Anne Jo Bjordal

OPPGITT: – Det er ikkje tvil om at alle burde kastrere kattane sine, seier nestleiar Anne Jo Bjordal i Dyrebeskyttelsen.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

– Ser nok berre toppen av isfjellet

– Det største problemet er at dei formeirar seg mykje. Dei får fleire kull per år, så det blir mange sjuke kattar rundt omkring, seier styremedlem Heidi Johanne Bøyum i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane.

Heidi Johanne Bøyum

FÓRVERT: Heidi Johanne Bøyum får ofte inn sjuke og avmagra kattar som har gått ute.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Ho er sjølv fórvert, og for tida har ho inne fem kattungar og to vaksne kattar i tillegg til hunden og dei fire kattane som ho eig frå før. Kattungane som no verkar ivrige og leikne, var i dårleg form då dei kom til henne.

Kattane som går ute har det ikkje godt. Dei er ikkje skapte for vårt klima, og vi ser at dei både er avmagra og sjuke når vi finn dei.

– «Ikkje så nøye»

Bjordal trur det er fleire grunnar til at folk ikkje kastrerer.

– Katten er eit dyr med lav status: «Det er jo berre ein katt». Det må ei haldningsendring til. Kanskje må folk få meir kunnskap om kattar. Det treng ikkje å vere vond vilje, men kanskje folk ikkje veit kor gale det er, kor mange heimlause kattar det finst rundt omkring, seier ho.

Gøymsel

GØYMELEIK: Fórvert Heidi Johanne Bøyum trur at eigarlause kattar blir eit usynleg problem for folk flest, fordi kattar ofte gøymer seg på dagen.

Foto: Krista Lien Indrehus / NRK

Kva vil du seie til dei som meiner at naturen må få gå sin gang?

– Kattar driv vel neppe med familieplanlegging. Dersom alle kattungane som blir født veks opp og formeirar seg vidare, blir det fort mange kattar.

Ulike grunnar til at folk ikkje kastrerer

Veterinær Terje Negard fortel at mange er bekymra for om inngrepet er alvorleg for katten.

– Kastrasjon av hokatt, der vi fjernar eggstokkane, er ein open bukoperasjon. Men dagen etterpå er dei så å seie normale, så ein skal ikkje vere engsteleg for å utsetje katten sin for det.

Ifølgje Negard er det betre for kattane å vere kastrerte, sidan dei då slepp unna risikoen ved fødslar og slåstkampar.

– I det lange løp tenar alle kattar på det, seier han.

Både Bjordal og Bøyum trur at folk ikkje er innstilte på å betale det kastreringa kostar.

– Ein katt er ikkje eit gratisdyr. Det er berre til å kastrere så fort dei blir seks månader gamle, seier Bøyum.

Folk har ikkje sett dei lidingane som finst. Dersom dei hadde vore med oss nokre månader og sett det vi ser, så ville dei kanskje ha tenkt annleis

Anne Jo Bjordal