Hopp til innhold

– Karadas akkurat det Sogndal treng

Jon Navarsete trur fotballnomaden Azar Karadas (31) er akkurat det Sogndal Fotball treng for å få sving på sakene att.

Karadas i kamp om ballen med Rennes sin Didot.

ENDELEG: – Vi venta på han før, men no er tida komen. No berre håpar eg at han kan medverke til at dette blir akkurat det vi treng for å snu ein negativ trend, seier Jon Navarsete om Azar Karadas (t.v.). Her i kamp om ballen med Rennes sin Didot.

Foto: BENOIT TESSIER / SCANPIX

Måndag kveld vart det klart at eidaren Azar Karadas skal spele i kvitt og svart ut sesongen .

Sogndal-kjennar Jon Navarsete er ikkje i tvil om at nordfjordingen er akkurat det klubben treng for å snu motgangen.

– Azar er ein type som kan vekkje heile flokken i kraft av den han er. Når han går på bana så luktar det svidd. Han er ein kraftplugg som gir alt, alltid. Eg trur han kan medverke med eksempelets makt i høve til duellspelet. Og så er han ein vinnartype, seier han.

– Må gjere grep

Etter å ha ligge på sølvplass etter seks seriekampar, inntok Sogndal i helga den utsette 14.-plassen som betyr kvalifiseringsspel for å halde plassen i eliteserien.

Med ti kampar att av sesongen har laget fått kniven på strupen. Navarsete er mellom dei som ikkje har latt seg imponere av måten Sogndal har stått fram etter ferien.

– Men å hente inn ein spelar på så kort sikt, er ikkje det krampetrekning for å berge plassen?

– Nei, det er ikkje det. Berre sjå kva andre klubbar gjer. Når du er i ein slik situasjon, så må du gjere grep. Pila har peika nedover heile vegen etter sommarferien. Ikkje scorar dei, dei verkar tafatt, tek leiinga og legg seg bakpå og overlet alt til dei andre. Eg trur Azar kan vere ein spelartype som kan vekkje heile flokken, gå føre og brøyte rydning. Det er slik han er, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Karadas si fotballkarriere

Klubb

Periode

Kampar

Mål

Eid

 - 1998

 

 

Brann

1999-2002

50

12

Rosenborg

2003-2004

60

13

Benfica

2004-2007

27

4

Portsmouth (lån)

2005-2006

20

1

1. FC Kaiserslautern (lån)

2006-2007

11

1

Brann

2007-2009

48

10

Kasimpasa

2009-2012

36

2

Sogndal

2012-

 

 

 

 

 

 

Landslag

 

 

 

Norge U21

1999-2000

33

12

Norge A-landslag

2001-2008

10

1

Ekspander/minimer faktaboks

Etterlyste leiar

Måndag bad Saftkokaradn spelarane om å gå i seg sjølve for å snu trenden .

Dei etterlyste både ein tydeleg leiarprofil på bana, kollektiv samhandling og ikkje minst spelarane sin sjølvtillit og trua på det dei driv med.

– Det er det individuelle blant spelarane som sviktar når dei skal fungere kollektivt. Det har vore ein tendens sidan rett før sommarferien. Det handlar om å få i gang kollektivet, at spelarane kjenner sine oppgåver for at Sogndal skal fungere som eit fotballag, sa arrangementsansvarleg Geir Frode Lunden.

Typisk motgangssignal

Jon Navarsete

NØGD: Jon Navarsete er nøgd med at Sogndal hentar inn Azar Karadas.

Foto: Arve Uglum / NRK

Navarsete er langt på veg samd med supporterane sin analyse om kva som har gått dei siste kampane.

På 14 kampar har Sogndal sanka sju poeng.

– Vi har ikkje noko markert leiarprofil i laget. I ein slik motgangsperiode så blir det meir og meir synleg. Mot Sandnes Ulf sist hadde Sogndal grepet på kampen, men målet førte til at dei trekte seg attende for å safe og sikre, og så gir ein initiativet frå seg. I høve til å gå på og krige, og gå for siger, så er det eit litt typisk motgangssignal, seier han.

– Kan Karadas vere denne leiartypen?

– Det trur eg heilt klart.

Må løfte i flokk

Navarsete gir også Saftkokaradn medhald i at spelarane også må gå i seg sjølve. 31-årige Karadas vil ikkje åleine berge kontrakten til Sogndal.

– Men han kan vere ein som medverkar til at mange rundt han vaknar, han går føre og gir laget litt ny inspirasjon og sjølvtillit, og ikkje minst guts. Vi må få fram kampmoralen mykje meir hos alle. Så må vi få eit lag som fungerer saman. Eg tykkjer det har halta no i fleire kampar. Det er laget Sogndal som må stå fram no i den vanskelege perioden som kjem, seier han og legg til:

– Heile flokken må vakne og skjønne kva dette handlar om. Dei må byrje å krige. Å berge ein kontrakt er ein krevjande jobb. No har vi eitt av topplaga heime, og så skal vi til Fredrikstad. Desse kampane betyr ein del, avsluttar han.