Hopp til innhold

– Kanskje bøndene skulle passe på dyra sine

Medan Gro Nybø fortvila og trudde at sauene hennar ikkje stod til å redde, hagla kommentarane på sosiale medium om at det ho dreiv med var dyremishandling.

Villsau på beite

FRITT I FJELLET: Om sommaren får dei fleste sauer beite fritt i fjellet. Dyremishandling, meiner nokon.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

– Når ein har gjort alt ein kan heile hausten for å leite etter dyra, også kjem det masse sleivete kommentarar. Det er ikkje akkurat så triveleg, seier Gro Nybø.

Ho hadde leita etter seks bortkomne sauer heile hausten då ho oppdaga at dei stod fast på ei fjellhylle. Etter ein mislukka bergingsaksjon, såg det ut som hennar einaste moglegheit var å avlive dyra så dei ikkje skulle svelte i hel.

Gro Nybø har følgt nøye med på det som har skjedd oppe i fjellet siste dagane.

FORTVILA: Gro Nybø var bekymra for sauene, og er glad dei greidde å berge nokon av dei til slutt.

Foto: Jan Christian Jerving

Oppheita diskusjon på sosiale medium

Då saka om at bonden kanskje måtte avlive sauene hamna på sosiale medium, hagla kommentarane. Fleire kalla dyrehald i fjellet for dyremishandling og nokre meinte bøndene var late og ikkje såg godt nok etter sauene sine.

På tide å avvikle utmarksbeite utan tilsyn, dyreplageri.

Kommentarfelt

Hadde bonden brydd seg nevneverdig så hadde bonden hatt betre tilsyn og dette ville ikkje skjedd!

Kommentarfelt

Høyrt om GJETER? Du veit det som i alle andre land i resten av verda har som den største sjølvfølge?

Kommentarfelt

Kan vel ikkje vere så mykje jobb med sau? Det er jo berre å sleppe dei ut så klarer dei seg sjølv.

Kommentarfelt

Ole Bjarne Hovland

IKKJE LAT: Ole Bjarne Hovland fortel om dei mange arbeidstimane ein sauebonde har, og seier dei i alle fall ikkje er late.

Foto: Privat

Ser til sauene på fjellet

Gro Nybø seier at dei sjølvsagt passar på dyra også på fjellet. Ho får støtte frå Ole Bjarne Hovland som er vara i Sogn og Fjordane bondelag.

– Det er heilt feil å seie at vi ikkje ser til dyra. Kravet er tilsyn minst ein gong i veka og det følger vi opp. Mange lønnar også gjetarar, seier Hovland.

Kaja Efskind, dyrevernalliansen

TILSYN: Kaja Efskind i dyrevernalliansen seier sau får for lite tilsyn gjennom sommaren.

Foto: ihne pedersen

Kommunikasjonsrådgjevar, Kaja Efskind i Dyrevernalliansen meiner at ein gong i veka ikkje er nok.

– Sauen slik den er i dag er avla for å vere produktiv, ikkje for å vere robust i møte med naturen sine farar. I forhold til andre beitedyr får sauen ekstremt lite tilsyn og det manglar gode retningslinjer frå Mattilsynet på kva som er nok, seier Efskind.

– Det stemmer ikkje at vi er late

Påstanden i kommentarfeltet om at bønder er for late og derfor ikkje ser til dyra sine, stemmer ikkje meiner både Nybø og Hovland. Om sommaren skal dei både sjå etter dyra og sikre vinterfôr, og det er travelt å vere bonde seier dei.

– Eg kan tenke meg å utfordre dei som skriv slike kommentarar til å vere med ein sauebonde. Dei kan berre kom hit i juni og bli med på jobb, så trur eg dei ser at bøndene ikkje er så late, seier Hovland.

Sauen har det best i fjellet

Sauen er beitedyr, og har dei det best når dei får gå i fjellet gjennom sommaren fortel Ole Bjarne Hovland. Det er Dyrevernalliansen einig i.

– Vi meiner det bør førast meir tilsyn med sauene, men å kalle det dyremishandling er å dra det for langt, seier Kaja Efskind.

– Om eg var sau hadde eg ikkje lurt på kva eg hadde valt. I staden for å stå inne i eit fjøs ville eg mykje heller gått ute i fjellet, seier Ole Bjarne Hovland.