Hopp til innhold

– Kan vere at regioniveren kjølnar

Vestlandsregionen er ikkje åleine om å ha ei uviss framtid.

Røysting om vestlandsregionen i fylkestinget

UVISS FRAMTID: Regionreforma blir endeleg fastsett når regjeringa kjem med innstillinga si rundt påsketider. Her stemmer Fylkestinget i Sogn og Fjordane over regionreforma.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Klassekampen skreiv i dag at Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kan bli dei einaste fylka som frivillig blir med på samanslåing.

– Det kan vere at regioniveren kjølnar fleire hakk etter at vi har fått innstillinga frå regjeringa ved påsketider. Det står att å sjå, seier forskar Yngve Flo ved Uni research Rokkansenteret.

Flo meiner det er uklart kva som blir oppgåvene til dei nye regionane, og at dét er grunnen til at fylkestinga no viser skepsis. Han trur fylkespolitikarane har vore redde for at nabofylka får «velje på øvste hylle» om ikkje dei sjølv heiv seg med i bodrunden.

Yngve Flo

VANSKELEG Å SPÅ: Forskar og historikar Yngve Flo ser fleire ting som set regionreforma i spel.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Eg trur fylkespolitikarane har ivra for ei regionreform såpass lenge fordi dei er redde for å sitje igjen med svarteper, ikkje minst trur eg mange har tenkt slik i Sogn og Fjordane, seier han.

Med 19 mot 12 stemmer sa fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane ja til Vestlandsregionen.

– Uvissa er eit uttrykk for forvirring

Vil Stortinget komme til å bruke tvang over heile landet no?

– Når situasjonen er slik som i dag, må dei definere kor grensene skal gå. Det finst heilt klart dei som meiner at staten ikkje skal ha siste ord på slike saker, og som vil kalle slike vedtak for tvang.

Han peikar vidare på at samarbeidsavtalen som ligg føre gjeld Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

– Det er ikkje automatisk slik at denne blir vidareført om andre fylke enn dei opprinnelege blir med i avtalen. Då må ein kanskje tenke nytt.

Flo meiner det er vanskeleg å føresjå kva Stortinget vil gjere dersom Rogaland berre vil vere i region med Hordaland.

Alternativ vestlandsregion

ALTERNATIV: Nokon ynskjer seg ein region frå Haugesund til Ålesund, seier forskar Yngve Flo.

– Vi veit at det er nokon som murrar heilt nord i Rogaland, at det er nokon der som ynskjer seg nordover.

Spent på kva Arbeidarpartiet kjem fram til

Etter at Fylkestinga har sagt sitt, meiner Flo at det er vanskeleg å seie noko om kva som skjer før regjeringa kjem med si innstilling rundt påsketider.

– Dette er komplisert. Det som starta som ei rein kommunereform vart utvida til å vere ei regionreform. Dette skal opp i Stortinget dei siste hektiske dagane før sommarferie og valkamp. Det er ganske uføreseieleg, seier Flo.

Han peikar på at regjeringa eigentleg ynskjer seg ein tonivåmodell, med berre stat og kommune. Dei har blitt pressa til å gå for regionreforma av støttepartia, seier han.

– Eg er spent på kva Arbeidarpartiet kjem fram til. Dei skal prøve å greie ut haldninga si til reforma utover våren. Det kan vise seg vanskeleg å få til eit vedtak som Arbeidarpartiet er mot, berre eit par-tre månadar før Stortingsvalet.