Hopp til innhold

– Kan komme fleire smellar

Ordførar Kåre Olav Svarstad (Ap) og rådmann Tom Joensen måtte fredag møte i kontrollutvalet i Bremanger, etter at det blitt kjent at kommunen er i ferd med å gå på ein ny millionsmell.

Rådhuset i Svelgen, Bremanger kommune

OPPVASK: Kontrollutvalet i Bremanger kravde fredag svar på kva ståe kommunen har hamna i.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kåre Olav Svarstad og Tom Joensen

FORKLARTE SEG: Ordførar Kåre Olav Svarstad (t.v.) og rådmann Tom Joensen orienterte kontrollutvalet om derivat-avtalen kommuen ser ut til å tape pengar på.

Foto: NRK
Audun-Åge Røys

NØGD: Audun-Åge Røys, leiar i kontrollutvalet i Bremanger, er tilfreds med orienteringa frå rådmann og ordførar. Han ser likevel ikkje bort frå at det kan komme fleire uventa ting for dagen.

Foto: Åge Senneset, Fjordenes Tidende

– Vi fekk ei orientering om ståda per i dag. Eg meiner vi har fått alt fram i denne saka, seier leiar Audun-Åge Røys (H) i kontrollutvalet.

Han utelukkar likevel ikkje at kommunen kan stå overfor fleire nedturar.

– At det kan komme fleire smellar ser eg ikkje bort frå. Men det vil ikkje vere ukjendt då. Det er jo risiko i desse derivata som ligg der.

Kan tape 39 millionar

I førre veke vart det kjent at Bremanger kommune, som tapte ca 200 millionar på Terra-skandalen, i år ligg an til å tape 39 millionar kroner etter å ha plassert pengar i såkalla finansielle derivat.

Til saman har kommunen verdiar for ca 800 millionar kroner i det som av ekspertar blir skildra som rein gamling.

Derivatet fungerer slik at Bremanger kommune tener pengar så lenge renta held seg over seks prosent, men taper pengar så lenge renta er under seks prosent. I kjølvatnet av finanskrisa har renta som kjent vore nærare null enn seks, og tala er i ferd med å bli blodraude.

– Visste ikkje

Både rådmann Tom Joensen og ordførar Kåre Olav Svarstad har teke avstand frå at dei er ansvarlege for situasjonen hamna i.

Joensen byrja først i jobben for to år sidan, og har uttalt til NRK at hadde han visst kva som venta av økonomiske utfordringar, så er det slett ikkje sikkert han hadde takka ja til jobben. Svarstad på si side har stått fast ved at han ikkje visste kva kommunen gav seg ut på.

Tilfreds etter møtet

– Det heile er etterverknader etter Terra-saka som kom opp hausten 2007, seier Røys etter møtet i kontrollutvalet.

Han seier utvalet er fornøgde med orienteringa frå rådmann og ordførar. Men framleis er det spørsmål ein ikkje har fått svar på.

– Det er mange detaljer ved desse finansielle derivata som vi ikkje kjenner til og kanskje ikkje har føresetnader for å kjenne til, vedgår Røys.

Håpar på fleire svar

Om knappe tre veker kjem konsulentar frå rådgjevingsselskapet Gabler Wassum AS til rådhuset i Svelgen. Då håpar Røys på fleire svar.

– Dei kjem i finansutvalet i kommunen 19. oktober og skal gi ei orientering. Då vil eg tru at vi får svar på ein del spørsmål, seier leiaren i kontrollutvalet i Bremanger.

Video Ny økonomisk smell for Bremanger

SJÅ TV-REPORTASJE: Mot ny smell for Bremanger.