– Kan ikkje berre vedta dette
Torsdag vedtok hovudutval for opplæring at obligatorisk kurs i glattkøyring, langkøyring og oppkøyring ikkje skal reknast opp mot 10-prosentgrensa for fråvær. – Men dette kan dei ikkje gjere. Dette er nasjonale reglar og det skal vere likebehandling, seier statssekretær Magnus Thue i Kunnskapsdepartementet til Sogn Avis. Han vil no ta kontakt med fylkeskommunen om saka.