Hopp til innhold

– Kan hjelpe folk ut av skamma

Ho sleit med eteforstyrringar i 10 år. No får artist Eva Weel Skram skryt for openheita om sjukdommen.

Eva Weel Skram snakkar om spiseforstyrringar på Lindmo

SJÅ VIDEO: Her fortel artist Eva Weel Skram om at ho hadde eteforstyrringar i 10 år.

– Det at ho står fram og fortel om sjukdommen sin kan hjelpe folk som er i ein liknande situasjon som det ho var til å tørre å snakke om problema sine, seier kurs – og foredragshaldar i ROS, Rådgiving om eteforstyrringar, Linn Bæra.

Linn Bæra, ROS Rådgiving om spiseforstyrrelser

HJELP: Kurs – og foredragshaldar i ROS, Rådgiving om eteforstyrringar, Linn Bæra, trur openheit om eteforstyrringar kan vere viktig for å kome seg ut av sjukdom relatert til eteforstyrringar.

Foto: Bjorn Tore Økland / ROS

Ho trur skamma blir lettare å bere når ein ser at andre er opne om sine problem. I tillegg meiner ho at Skram er med å bryte ned mytar om eteforstyrring.

– Det er mange som lurer på om ein kan bli frisk når ein først har fått eteforstyrring. Eva er eit levande bevis på at det kan ein bli. Ho sa sjølv at hennar historie ender godt. Og det er ein viktig bodskap til dei som held på å miste trua, seier Bæra.

Det starta med mobbing

På Lindmo fortel Skram at det heile starta med at ho blei mobba og kjende seg utanfor.

– På ein barnebursdag heldt vi på med ein leik. Det skulle veljast lag og eg stod att til slutt. Då sa ho som var sjefen «Eg får ta ho feite grisen». Den kommentaren skulle vise seg å øydelegge dei neste ti åra for meg.

Mange har delt innslaget på Lindmo der Eva Weel Skram fortalde at ho sleit med eteforstyrring i 10 år. På si eiga facebookside skriv Weel Skram at ho har blitt oversumt av støttande meldingar. Det er mange som skriv til henne om liknande situasjonar og det rører ho til tårer.

– Eg set så uendeleg stor pris på alt som vert skrive, og sjølv om eg ikkje får svart alle så les eg alt og kvart ord gir meg tryggleik på at sjølv om dette ikkje var lett for meg å fortelje, eg har nære vennar og slektningar som ikkje har visst om dette, så angrar eg ikkje eit sekund, skriv ho vidare på Facebook.

Eva Weel Skram

RØRT: Artist Eva Weel Skram er rørt over støtta ho får og seier at ho les alle meldingane folk skriv til ho i samband med at ho har opna opp om at ho hadde eteforstyrringar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Angår mange

Temaet eteforstyrringar angår mange og Linn Bæra i ROS seier problematikken er meir aktuell enn nokon gong.

– Talet på folk som tek kontakt med oss fordi dei slit med problematikk rundt mat og trening aukar kvart år, seier ho.

Ho fortel at somme utviklar eteforstyrringar, mens andre lev med eit problematisk forhold til mat og trening gjennom lang tid utan å bli ein del av statistikken som seier at ein er sjuk. Skram valde å vente lenge med å fortelje om sjukdommen.

– Somme treng tid før dei vil prate om sjukdommen sin, mens andre delar erfaringar heile vegen. Openheit kan vere bra for å bli frisk, seier Bæra.