NRK Meny
Normal

– Kan gløyme regionale investorar i Fjord1

Når Havila får aksjemajoriteten i Fjord1 vil det bli svært vanskeleg å få inn lokale og regionale investorar, seier Bjørn Hollevik, som sit i fylkesutvalet for Høgre.

Bjørn Hollevik (H)

OVERRASKA: Bjørn Hollevik sit i fylkesutvalet, men visste ingenting om avtalen før pressemeldinga vart send ut onsdag ettermiddag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han seier han er svært skuffa over det som har kome fram om avtalen som er inngått mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Havila. Den inneber at Havila no får kjøpe seg opp frå 41 til 67 prosents eigarskap i Fjord 1.

Avtalen inneber vidare at Havila har opsjon på å kjøpe dei resterande 33 prosentane seinare.

I går vart det kjent at investoren Arne Stang frå Stongfjorden trekkjer seg som mogeleg investor i Fjord1.

Bjørn Hollevik seier han kjenner til at det har vore drøftingar mellom Per Sævik i Havila og lokale investorar, utan at politikarane i fylkesutvalet har vore inne i biletet.

– Eg for min del visste ikkje at Stang var aktuell før i går. For oss politikarar var det viktig at det vart gitt rom for regionale investorar som kunne vere ein stabiliserande faktor i framtidig eigarskap.

– Går ikkje i hop

Hollevik seier pressemeldinga om avtalen med Sævik måndag ettermiddag kom som ei overrasking for svært mange i fylkesutvalet. Han merka seg mellom anna at ein i to år framover skal finne løysingar med medeigarskap frå regionale investorar, samstundes som Havila skal få kjøpe seg opp til 67 prosent.

– Dei to tinga går ikkje i hop, det er ikkje godt å få investorar med når dei ikkje får innverknad på måten selskapet blir drive på. Det blir berre fromme ønskje.

Jenny Følling

– MÅTTE GI HAVILA 67 PROSENT: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– 67 prosent avgjerande

Å gi Havila aksjemajoritet med 67 prosent av aksjane i Fjord1 var det som skulle til for å få i stand avtalen, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

– Og så er det slik at Sævik har forkjøpsrett til aksjane i Fjord1, og lokale investorar må forhandle med Sævik. Eg vil ikkje spekulere om interessa for det, det får vi sjå.

– Men kunne ikkje fylkeskommunen stått hardare på for å behalde 34 prosent og dermed negativt fleirtal?

– Det var det som var framforhandla på 33 prosent som skulle til for å få i stand ein avtale.

Får ikkje innsyn før måndag

Hollevik sende onsdag kveld ein e-post til fylkesordføraren og fylkesutvalet, der han stiller spørsmål ved at det blir sendt ut ei pressemelding utan at politikarane visste om det.

– Eg bad i e-posten om at fylkesutvalet seinast torsdag skulle få innsyn i det som er forhandla fram. Eg har fått svar om at det ikkje blir gitt slik informasjon før tidlegast måndag kveld.

Bjørn Hollevik seier han veit for lite om avtalen til at han kan seie om han vil seie ja eller nei til den.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.