NRK Meny
Normal

– Kan byggje storkommune rundt dette

Verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden er ei ypparleg plattform å byggje ei ny storkommune på. Det meiner Leif Inge Underdal som er nestleiar i styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Nærøyfjord, Aurlandsfjord - Vestlandet

FELLES PLATTFORM: Vik, Voss, Aurland og Lærdal er alle med i styret i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Foto: Tomasz Furmanek

Fjorden og fjella rundt Nærøyfjorden er verdskjende, spesielt etter at dei i 2005 kom inn på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader.

Tre år seinare vart stiftinga Nærøyfjorden Verdsarvpark til, der kommunane Vik, Voss, Aurland og Lærdal er med.

Når kommunane no ser over grensene til kvarandre med mål om å finne nokon dei kan slå seg saman med, meiner Underdal det finst moglegheiter i samarbeidet som allereie er rundt verdsarvområdet.

Dei tre kommunane Vik, Voss og Aurland er allereie eit alternativ i kommunereforma, men Lærdal står utanfor. Sidan alle fire kommunane sit i styret i verdsarvparken, meiner Underdal at Lærdal burde vore invitert med.

Vil byggje vidare på dagens samarbeid

– Lærdal og Aurland er veldig tett knytte i dag, både kommunikasjonsmessig og med nærleik geografisk, seier Underdal.

Han meiner det også hadde vore ei styrke å fått med fleire kommunar frå Sogn i ein eventuell storkommune saman med Voss.

– Og vi har ei felles plattform i verdsarvområdet, der Lærdal er med. Her har vi eit felles styre som har fungert i ti år. Dette er allereie eit utgangspunkt for å utvikle området med basis i ei felles forståing om kva profil vi ønskjer og kva som skal vere viktige satsingsområde, seier Underdal.

– Eg skal ikkje motsette meg noko

I Lærdal tek ordførar Jan Geir Solheim (Sp) ope imot innspelet frå Underdal.

– Eg er heilt samd i at verdsarvparken og Nærøyfjorden er eit viktig område, og kjem til å bli viktigare for kommunane rundt. Men dette alternativet har ikkje vore diskutert i Lærdal, seier han.

– Kan det vere aktuelt å gå inn i slike diskusjonar?

– Ja, eg skal ikkje motsette meg noko, seier ordføraren.

Han viser til at kommunestyret i Lærdal har bestemt at kommunen skulle jobbe for å få til ein storkommune i Sogn, men at dette har stranda. På måndag skal kommunen i møte med Aurland og Årdal.

Likevel er han litt forsiktig med å gå inn i planar om samanslåing over fylkesgrensene.

– Men eg skal ikkje vere negativ i innspelet i utgangspunktet, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.