– Kan bli ein uslåeleg turistattraksjon

Fjord1 tenker alt no på korleis Stad skipstunnel kan bli eit reiselivsprodukt. Næringslivstoppar trur turistane vil strøyme til.

Stad skipstunnel Kystruten

STAD SKIPSTUNNEL: Kystverket har laga ein illustrasjon av tunnelen med Kystruten sin båt på veg gjennom.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Selja kloster, Stadplatået med Vestkapp og Stad skipstunnel. Set ein desse elementa saman er det nesten uovervinneleg i reiselivssamanheng, meiner Per Sævik i Havila ASA.

Næringslivstoppen frå Sunnmøre hadde innlegg under konferansen om Stad skipstunnel på Nordfjordeid i går.

Havila – konsernet som skal drive dei nye Kystruten-båtane som frå januar 2021 skal ha fire skip i konkurranse med dagens Hurtigruten. Medan Hurtigruten har sagt nei til å bruke Stad skipstunnel har Sævik eit heilt anna syn.

– Dette blir ein dynamo når det gjeld reiselivsutvikling på Vestlandet, meiner Sævik.

Kystverket meiner interessa er enorm

Prosjektleiar i Kystverket Terje Andreassen melder om stor internasjonal interesse for skipstunnelen.

– I perioden etter at tunnelen kom inn i NTP var det enorm pågang frå media utanlands, seier Andreassen.

Kystverket har sjekka kor stor trafikken har vore på sakene i utanlandske medium via søkjemotorar.

Terje Andreassen

OPTIMIST: Prosjektleiar i Kystverket Terje Andreassen trur dei vil klare å få tunnelen så rimeleg som regjeringa forventar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har registrert 220 millionar nedlastingar av saker som gjeld Stad skipstunnel, sa Andreassen under konferansen på Nordfjordeid.

Samferdsledepartementet krev at skipstunnelen ikkje skal koste meir enn 2,9 milliardar kroner. Kystverket lagar no ei eiga utgreiing med frist til 15. juni for å bevise at dei kan bygge innanfor kostnadsramma.

Vil sjå attraksjonar i samanheng

Per Sævik er også hovudaksjonær i Fjord1 gjennom Havila-konsernet. Fjord1 har dei seinare åra styrka reiselivssatsinga si gjennom selskapet The Fjords som tilbyr rundreiser med batterikatamaranar.

Dermed kan Havila-konsernet bli ei nøkkelverksemd i å skape ringverknader kring tunnelen.

Per Sævik har i mange år jobba for tunnelen, og vore med i prosjektgruppa til forkjemparane.

– Det er betydelege moglegheiter i området, seier Sævik.

Sævik viser til at det blei dratt inn nær 50 millionar kroner berre i inngangspengar til Nordkapp-platået i fjor.

– Når det er så enorm tilstrøyming til Nordkapp, kvifor ikkje Vestkapp når det er fleire turistar på Vestlandet?

Dagfinn Neteland og Per Sævik

TOPPSJEFANE: Dagfinn Neteland (t.v.) er administrerande direktør i Fjord1. Per Sævik kontrollerer halvparten av reiarlaget gjennom Havilafjord AS.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Fjord1 har alt starta å planlegge

– Dette blir ein attraksjon. Vi er opptekne av å vere med, og tenker alt på korleis ein kan lage rundreiser, sa Fjord1-direktør Dagfinn Neteland under konferansen.

Neteland samanliknar Stad med Flåm, der har reiselivet gått saman i større selskap. Det har styrka lønsemda.

– Frå å vere ei rekkje små aktørar med gode produkt, men som konkurrerer kvarandre i senk, har ein satsa på samarbeid, seier Neteland.

Politikarane lova byggestart i 2022

Under konferansen var stortingspolitikarane Jon Gunnes (V), Sverre Myrli (Ap), Liv Signe Navarsete (Sp) og Geir Toskedal (KrF) til stades. Fylkesnestleiar i Vestland Lars Svein Drabløs, representerte Frp. Alle varsla at tunnelen bør ha byggestart i 2022.

– KrF var det fyrste partiet som programfesta Stad skipstunnel, sa Toskedal (KrF) som lova at KrF vil bygge tunnelen.