Hopp til innhold

Fabrikknedlegging uroar ordføraren

Striden mellom Nergård og Pelagia kjem ikkje opp i Høgsterett. Dermed er det slutt for den nybygde fabrikken til 300 millionar kroner og 20 arbeidsplassar på Trollebø i Måløy.

Ulvesundet formelfabrikk

STRIDEN ER OVER: Nergård kan ikkje produsere fiskemjøl eller fiskeolje her. Dermed må produksjonsutstyret flyttast.

Foto: Arild Nybø

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) likar dårleg nyhenda som Fjordenes Tidende melder om i dag.

– Det som uroar meg er at det vil gå personar som ikkje har jobbar å gå til. Eg håpar verkeleg at dei får ordna seg anna arbeid. Det er det viktigaste no, seier ordføraren til NRK.

Tomt med konkurranseklausul

Kristin Maurstad

UROA: Ordførar Kristin Maurstad seier at det viktigaste no er at dei som misser jobben ved Nergård får ny jobb å gå til.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det har ikkje gått mange månader sidan februar, då Nergård opna sildeoljefabrikken til 300 millionar kroner i Måløy. Kort tid etter gjekk konkurrenten Pelagia til søksmål.

Pelagia meinte det hefta ein konkurranseklausul til tomta fabrikken vart bygd på, og som Pelagia tidlegare hadde eigd gjennom oppkjøpte selskap.

Pelagia vann fram i lagmannsretten. Og no har ankeutvalet slått fast at striden ikkje har noko å gjere i Høgsterett.

Det betyr at dommen er rettskraftig og at Nergård har tapt. Den nye fabrikken kan ikkje produsere mjøl og olje akkurat der den er bygd.

– I prosessen har vi vore i dialog med begge partar, men det viser seg at det ikkje var mykje kommunen kunne gjere. No vil vi ta kontakt med Nergård og høyre kva dei gjer vidare, seier Maurstad.

– Ikkje den store, stygge ulven

Konsernsjef Egil Magne Haugstad i Pelagia seier han er glad for at tvisten har fått ei løysing.

– Det har vore ei veldig stor belastning for våre tilsette, for selskapet og for eigarane, med ei rettssak med påstandar vi ikkje kjenner oss att i.

Han har registrert at mange i Vågsøy har vore kritiske til rolla Pelagia har spelt i saka, men han vil ikkje ha rolla som den store, stygge ulven.

– Vi kan berre oppmode folk om å lese dommen frå lagmannsretten, der Nergård over ti sider blir avkledd alt truverd.

NRK har prøvd å få toppsjefen i Nergård, Tommy Torvanger, i tale. Men så langt har han ikkje svart oss.

Pelagia har rundt 150 tilsette fordelt på to anlegg i Vågsøy, og Egil Magne Haugstad meiner dei er den største garantisten for fiskeriarbeidsplassar i kommunen.

– Vi har stor tru på Vågsøy og Sogn og Fjordane. Vi er i ferd med ei stor utbygging på konsumanlegget i Måløy. Vi har kjøpt eigedom for betydelege midlar nyleg, og vi har kome til semje med Nordfjord havn om eit areal som er veldig viktig, så vi har det beste grunnlaget for å satse vidare.

Nytt i Karmsund

Dagleg leiar ved Måløy Sildeoljefabrikk, Øyvind Stang.

MÅ FLYTTE: Øyvind Stang i Nergård Pelagic seier at fabrikken truleg blir flytta frå Måløy til Karmsund.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Dagleg leiar ved Nergård Pelagic sin fiskemjøl- og fiskeoljefabrikk på Trollebø, Øyvind Stang, seier til Fjordenes Tidende at det er svært sannsynleg at fabrikken blir demontert og flytta sørover.

– Slik det ser ut no, blir fabrikken flytta til Karmsund. Det er det mest sannsynlege resultatet, seier Stang til avisa.

Han understrekar likevel at endeleg avgjerd ikkje er teken, og kallar utfallet av rettstvisten som «veldig trasig».

– Eg var sentral i oppbygginga av fabrikken som fungerte så godt som 100 prosent frå første dag, seier Stang.

I januar 2018 opnar Nergård ein fabrikk i Karmsund i Rogaland. No kan utfallet bli at utstyret i Måløy blir montert der.

Fabrikken hadde 20 tilsette då den stengde i sommar. Ifølge Fjordenes Tidende har ein person sagt opp, medan andre har funne seg mellombelse jobbar. Dei kan få tilbod om å vere med sørover om dette blir utfallet.