Hopp til innhold

– Kampen byrjar no

Statens vegvesen har kome si andre tilråding knytt til val av nordleg hovudveg mellom aust og vest her i landet. Liv Signe Navarsete meiner det er farleg å tru at kampen er over av den grunn.

Liv Signe Navarsete

KLAR TIL KAMP: kampen byrjar no, og lyt førast heilt fram til mål, seier Liv Signe Navarsete

Foto: Jan Kåre Ness, Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Dette er fyrst og fremst eit politisk vedtak som skal gjerast i Stortinget. Rådet til Vegvesenet er eit fagleg råd, men motstandarane av Hemsedalsfjellet kjem til på halde fram kampen, og då må vi som er tilhengarar gjere det same.

Det er stor strid om kva slags veg som skal satsast mest på mellom aust og vest. Statens vegvesen har no kome med ei fagleg vurdering, der dei seier at det beste er om vegen over Hemsedalsfjellet blir hovudveg.

Les også: Begeistra for at Hemsedalsfjellet er valt

Stortinget gjer likevel som dei vil, og det er ingenting i vegen for at dei vedtek noko som går på tvers av det rådet.

Hemsedalsfjellet

NORDVEST: for folk på nordvestlandet er vegen over Hemsedalsfjellet førstevalet

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Vil få til ein brei allianse

Navarsete seier at ho no er redd for at tilhengarane av vegen over Hemsedalsfjellet skal gjere same feil som for eit år sidan. Då meiner ho at dei senka skuldrene etter at Vegvesenet kom med sitt råd, medan sterke krefter i Bergen og Hordaland klarte å presse igjennom ei ny utgreiing.

– Vi må samle alle krefter no, og drive ein knallhard politisk kamp for saka vår. Dei sit klar i Bergen og på Voss og kjem til å gjere det dei kan for å torpedere forslaget som no er kome, og eg er veldig redd for at vi skal ta for lett på dette.

At tilhengarane av veg over Hardangervidda ikkje har tenkt å gje opp med det første, er det mykje som tyder på at Navarsete har rett i.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

VERT IKKJE SAMDE: Statens vegvesen sitt råd er basert på ei fagleg utgreiing og trafikktal, men striden ser ikkje ut til å roe seg ned av tilrådinga

Foto: NRK/Google

– Uærleg av Vegvesenet

– Dette er ikkje ei fagleg vurdering, men eit uærleg partsinnlegg i debatten, sa Harald Victor Hove i Hardangerfjelltunellane etter at Vegvesenet si avgjersle var klar tidlegare i veka.

Harald Victor Hove, byråd for skole i Bergen

FORKJEMPAR FOR HARDANGERVIDDA: Harald Victor Hove er dagleg leiar i Hardangerfjelltunnellane, og har ei klar interesse i at Hardangervidda vert hovudvegen

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Også ordføraren på Voss Hans Erik Ringkjøb gjekk hardt ut og gjorde det klart at dei vil halde fram kampen for Hardangervidda uavhengig av kva Statens vegvesen meiner om saka.

Les også: Partsinnlegg for Hemsedal

Navarsete på si side, er klar til å kjempe fram til klubba fell i Stortinget.

– Vi må samordne oss heilt fram til vedtaket er fatta. Stortingsfolk, transportnæring, næringsliv og alle andre som er opptekne av å få ein god hovudveg for den nordlege delen av Vestlandet, seier Navarsete.