Hopp til innhold

– Det blir ein knallhard kamp for å overleva i eliteserien

Skal Sogndal halda seg i eliteserien, må Sandnes Ulf nedkjempast på onsdag, meiner Eirik Bakke.

– Blir ein kamp for å overleva

TAPTE NOK EIN GONG: Ulrik Flo (t.v.) og Sogndal tapte sin fjerde eliteseriekamp på rad mot Lillestrøm på søndag.

Foto: Erlend Aas/NTB Scanpix / Arve Uglum / NRK

– Det er berre å gløyma at Sogndal skal vera med i toppen. Om dei held seg i divisjonen er det ein kjempeprestasjon, seier Sogndalekspert Jon Navarsete.

– Ingen har spelt ut Sogndal

Jon Navarsete

– BLIR KNALLTØFT: Sogndalekspert Jon Navarsete seier at det berre er å gløyma at Sogndal kan vera med i toppen i eliteserien.

Foto: Arve Uglum / NRK

Søndag gjekk Sogndal på sitt fjerde strake eliteserietap, etter at Lillestrøm scora vinnarmålet i kampens siste speleminutt. Uflaks, seier Navarsete, som trur ting snart vil stabilisera seg.

– Søndag hadde det med marginar å gjere. Det er ingen som har spelt ut Sogndal enno, sjølv om det var nokre minutt mot Brann som enda totalkollaps, seier Navarsete.

På onsdag ventar Sandnes Ulf på den andre banehalvdelen på Fosshaugane Campus. Ein kamp Sogndal bør vinna.

Nøkkelkamp mot Sandnes Ulf

– Oppgjeret mot Sandnes Ulf blir ein nøkkelkamp. Å ta tre poeng der vil gi eit enormt energipåfyll før ferien, medan eit tap blir tungt å ta med seg inn i fotballpausen. Men det blir tøft, å bryta ein negativ trend er vanskeleg, seier Navarsete.

Eirik Bakke

– MÅ SNART VINNA HEIME: Eirik Bakke meiner kampen mot Sandnes Ulf blir viktig for å overleva i eliteserien.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og i det var Eirik Bakke samd i etter det trasige tapet mot Lillestrøm.

– Kampen mot Sandnes Ulf er ein nøkkelkamp for oss. Dei er eit lag me skal ha bak oss på tabellen ved sesongslutt. Me må snart byrja å vinna heime, og det er ein veldig viktig kamp å vinna rett før ferien.

– Skal me halda oss i divisjonen so er det ein kamp som er viktig å vinna, seier Bakke.

Sogndal har mykje å hevna på onsdag. Eit at dei flauaste tapa til Sogndal dei siste åra, kom mot nettopp Sandnes Ulf i ein treningskamp i vår. Då tapte dei 8-0.

Kamp for å overleva

– Dei har nivået inne, sjølv om det ikkje er so mange som har erfaring frå det nivået.

Navarsete har blitt imponert av det unge Sogndalsmannskapet i år. Og fordi dei unge har spelt, har dei meir rutinerte måtta vika, blant dei Elvis. I fjor var han sjølvskriven på laget som berga plassen mot alle odds, i år har han knapt fått spela.

Eirik Bakke, Ohi K. Omoijuanfo og Stéphane Diarra.
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Elvis er kanskje for god til å ha på benken, men samstundes har Badji og Furebotn hatt nokre veldig gode kampar på midtbana. Men Badji har vore veldig ustabil, so det er eit vanskeleg val for Olsson (Sogndal sin trenar).

– Det me ser no må me forventa. Det blir ein knallhard kamp for å overleva, avsluttar han.