NRK Meny
Normal

Jordskjelv registrert like utanfor Nordfjord

Det var fleire i Nordfjord som i morgontimane merka klirring i koppar og glas. – Det må ha vore eit forholdsvis kraftig jordskjelv, seier Harald L. Bakke i Davik.

Harald L. Bakke merka jordskjelv

MERKA: Harald L. Bakke er ikkje i tvil om at det var jordskjelv han merka medan han sat ved kjøkkenbordet.

Foto: Privat

Harald L. Bakke sat ved kjøkkenbordet med kaffikoppen då det byrja å riste. Ristinga var så kraftig at det klirra godt i glas og kaffikoppar i kjøkkenskåpet.

Anne Strømmen Lycke

STADFESTAR: Anne Strømmen Lycke ved Norsar stadfestar skjelvet utanfor Selje.

Foto: David Burke / StatoilHydro

Skjelvet blir stadfesta ved Norsar. Klokka 06.06 råka eit jordskjelv på 2.58 på Richter skala, mellom 10 og 20 kilometer nordaust for Selje. Skjelvet varte i 5-6 sekund.

– Jordskjelv er ikkje noko uvanleg, men ofte høyrer vi duren og ikkje merkar skjelving i huset. No var det godt merkbart begge deler, seier han.

– Varte lenge

NRK er både på epost og Facebook blitt kontakta av andre som merka jordskjelvet. I tillegg til registreringar langs kysten, merka dei skjelvet også i Nordfjordeid, i Hornindal, Viksdalen og Hyllestad.

Jordskjelvet kunne høyrast og kjennast på Eikeset i Bremanger. Det rista i golvet heilt i starten, så buldra det nokre sekund. Trur det var borte før det var gått eit minutt.

I Davik tykkjer Bakke at jordskjelvet var av det lengre slaget.

– Det varte ganske lenge i høve til dei vanlege jordskjelva som vi av og til har, seier han.

– Men det var ikkje noko som tok skade, legg han til.

Vakna til sol og fint vêr i dag, men rista godt i kaffikoppen ca kl 6:06. Må vere jordskjelv.

Stort i norsk målestokk

Direktør Anne Strømmen Lycke hos Norsar seier at eit skjelv på 2,58 er av dei større i norsk målestokk. Likevel, er det ikkje store skjelvet i internasjonal målestokk.

Merkast ja... klirra i skap og dundra nok til å vakne av for min del). Kanskje ikkje so rart når det va rundt Selje skjelvet var målt..

– Det er ikkje veldig ofte det er jordskjelv på denne storleik, men det skjer frå tid til anna. Vi har hatt nokre jordskjelv langs vestlandskysten tidlegare i år, men dei var av ein litt mindre skala, seier ho.

Jordskjelv utanfor Nordfjord

SISTE SKJELV: På nettsida jordskjelv.no finn ein oversikt over dei siste skjelva i Norge.

Foto: jordskjelv.no

Dei siste to dagane har Svalbard blitt råka av to kraftigare skjelv. Det kraftigaste på onsdag då eit skjelv på 3,35 vart lokalisert kring 360 kilometer vest-nordvest for Longyearbyen.

Desse skjelva er likevel langt mindre enn skjelvet som vart registrert 29. mars i år. Skjelvet på 5,3 var det største sidan 6,2-skjelvet i februar 2008 .

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.