Hopp til innhold

– Ivar Aasen ville snudd seg i grava av dette

Nynorskens far, Ivar Aasen, hadde neppe likt skiltinga om bord på ferja som er kalla opp etter han.

Ikkje heilt nynorsk

HEIDRA MED FERJE: Nynorskens far, Ivar Aasen, vart heidra med ei ferje. Men skiltinga om bord er ikkje konsekvent i hans ånd.

Foto: Kollasje

– Eg synest nesten det er litt moro. Eg reiser med ferje av og til. Så hadde eg vore på juleferie og skulle heim til Sogndal. Då eg såg at ferja heitte "Ivar Aasen" tenkte eg at eg skulle sjekke skiltinga om bord, fortel ferjepassasjer Bjarte Løland.

Han er forbausa over at ein del av skilta på ferja som skal heidre nynorskmannen Ivar Aasen er på bokmål. Det står mellom anna; «Døren må holdes lukket» og «Kast ikke tørkepapir i toalettet».

– Dette trur eg har vore ein glipp. Det var mykje som viste at Ivar Aasen skulle prege ferja, og nokre skilt var faktisk på nynorsk. Men det var altså ikkje konsekvent, seier Løland.

Spanderte «målkake»

Fjord1 sette inn ferja «Ivar Aasen» på sambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella 30. desember. I Vik mållag var dei så oppglødde over dette at dei spanderte ei «målkake» på ferjemannskapet og passasjerane.

Jens Brekke

– BØR VERE PÅ NYNORSK: Jens Brekke i Vik mållag.

Foto: Odd Inge Gjeraker / NRK

Jens Brekke i mållaget seier at dei den dagen var så oppteken med kaka at dei ikkje fekk med seg at det var skilt på bokmål på ferja.

– Eigentleg ville det ha forundra meg om alt var på nynorsk, men eg meiner at Fjord1 burde ha halde seg konsekvent til nynorsk, iallfall på «Ivar Aasen». Dersom Fjord1 vil noko og vil vise stoltheit så bør dei gjere noko med dette.

Men Brekke er nøgd med at det er hengt opp Ivar Aasen-sitat i salongen.

Bjarte Løland seier det for det meste var tekniske skilt som var på bokmål.

– Det var nokre plassar det var nynorske skilt, og mykje var relatert til Ivar Aasen. Men det er jo nesten litt stilig, i negativ forstand, at ikkje alle skilta er på nynorsk.

Det var ikkje slik heller at Løland måtte leite så lenge etter skilta, det var nok å gå på toalettet, så fann han bokmålsskilt.

– Det var godt synlege skilt. Det var ikkje vanskeleg å finne eit skilt på bokmål.

Bilferja «Ivar Aasen» er bygd i 1997 av dåverande Møre og Romsdal Fylkesbåtar, som i 2002 vart slege saman med Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og fekk namnet Fjord1. Fram til no har ferja trafikkert strekningar i Møre og Romsdal.

NRK har prøvd å få kommentar frå Fjord1, men har ikkje fått rette vedkomande i tale.