Han meiner satsinga til Innovasjon Norge er feilslått, og at dei statlege støtteordningane må rettast meir inn mot å sikre drifta av nyetablerte verksemder.
– Blir degga med
– Ei liksometablering, det er karakteristikken Folkman har av mange av etableringane til Innovasjon Norge. – Nyetablerarane blir haldne rundt og degga med under etableringa, medan å bli eksponert for fullskala krav frå det offentlege er noko heilt anna, seier Folkman.
Akkurat no førebur Folkmann fire konkursar til skifteretten. Og han seier det generelt sett er flest unge og nyetablerte verksemder som ikkje klarer seg.
Folkmann seier at nyetablerarar blir tekne på senga når kvardagen kjem etter at dei har fått offentleg stønad til ein ide.
Han meiner rett og slett Inovasjon Norge må fokusere meir på å oppretthalde dei verksemdene som alt er komne i gang, i staden berre å fokusere på nyetableringar.
– Stikk fingeren i jorda
– Mi oppfordring til Innovasjon Norge er å stikke fingeren i jorda og sjå kva som skjer. Dei må engasjere seg meir i heilskapen og ikkje berre dyrke fram den vesle biten dei held på med, for det er ein samanheng her, seier Folkman.
Avviser kritikken
Fylkesdirektør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, avviser skuldingane frå Anders Folkmann i Bedriftsforbundet om at Innovasjon Norge ikkje satsar nok på å oppretthalde eksisterande verksemder.
Flatland seier dei brukar mest ressursar på nettopp slike verksemder.