Hopp til innhold

– Innanfor å seie at han trakkar på andre

Per Hilleren får tøff medfart etter å ha ytra seg om homofile leiarar i KRIK. – Vi må slutte å rakke ned på identiteten til folk, seier bispedømmekollega Oddny Miljeteig.

Oddny Miljeteig (SV)

PÅ SKIKKELEG: – Det er slik for somme at det nye fleirtalet, som eg er sjølv er ein del av, ikkje er heilt «på skikkeleg» kristne. Då må eg også kunne be om at ein ikkje graderer kristne, seier Oddny Miljeteig.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er kanskje å forventa når eg stikk fram hovudet i ei så krevjande sak, seier Per Hilleren.

Søndag sto han fram og sa at han støttar Håtveit i KRIK-debatten om homofile leiarar. «Tulling», «trakkar på andre menneske», «sjuke haldningar» kvitterte kommentarfeltet.

– Tenkjer det er innanfor

– Er ein van med å ha definisjonsmakta og eit stort fleirtal, er det tøft å kome i mindretal, seier Oddny Miljeteig, som er valt inn i Bjørgvin bispedømmeråd for Open folkekyrkje.

Ho har sett verre, seier ho, «utan at det skal vere nokon målestokk»:

– Men å seie at han trakkar på andre, det tenkjer eg er innanfor. Det er ein god beskriving av korleis mange kjenner det.

Hennar eigen resept er at «vi må vi ta oss saman» og minne kvarandre på at «ingen har fått blankofullmakt frå Vår Herre eller Jesus til å snakke nedverdigande om folk».

– Å rakke ned på identiteten til folk må vi faktisk klare å gi oss med.

Mindre toleranse for intolerante

Filosofiprofessor Lars Fredrik Svendsen meiner takhøgda for «avvikarar» har vorte lågare.

– Litt attende i tid var det meir slik at konservative krefter undertrykte dei meir liberale. No har det snudd litt, seier Svendsen.

Han meiner det er lite rom for avvik frå det han kallar «den liberale samforståinga».

– Me som er innanfor denne liberale folden bør ha tilstrekkeleg tiltru til kor robuste våre eigne standpunkt er. Sjølv har eg ingen problem med at folk føretrekker partnar av same kjønn. Samtidig ser eg at det blir stadig vanskelegare kår å ytre seg for dei som er ueinig med meg.

Må ikkje gå ut over engasjement

Sandra Tenud har engasjert seg i Pride i Sogn og Fjordane. Ho er ikkje overraska over at Hilleren møter motbør, men håpar folk greier å vere saklege.

– Slike tema er sterkt og treffer mange. Vi er heldigvis kome ganske langt i 2019, der eg trur dei fleste eigentleg ikkje har noko imot at folk som er leiarar i KRIK eller andre ungdomsorganisasjonar kan vere homofile, seier Tenud.

– Folk må få ha dei syna dei har. Men religion er ei personleg sak, og det er viktig at det ikkje går ut over ungdomsengasjement og at menneske ikkje kan vere seg sjølve eller stå fram og vere den dei har lyst til å vere.

Meir polarisert

Kjersti Gautestad Norheim er sokneprest i Birkeland og medlem av bispedømmerådet. Om det har vorte vanskelegare å ha konservative standpunkt trur Norheim har samanheng med kva forum ein diskuterer i.

– Det kanskje ein fare i vår tid, ikkje minst med sosiale medium og klikkjournalistikk. Ein får ofte rom der mange er einige. Eg trur ein vil oppleve at det kan bli vanskeleg om ein kryssar ut av dei romma.

Like frimodig

Hilleren trur at påkjenninga ved å stå fram med si overtyding er så stor at mange i «kristenfolket» kvir seg for å delta i ordskiftet. Han vedgår at det har vore litt tøft, men står fast på at han er like frimodig:

– Reaksjonane har ikkje skremt meg frå å seie meininga mi.