NRK Meny
Normal

Kjempa sin livs kamp i branntunnelen - men ingen kom inn for å berga dei

Fleire av dei skadde etter brannen i Gudvangatunnelen i fjor har vanskar med å fatta kvifor ingen naudetatar frå vestsida av tunnelen kom inn for å redda dei.

Britt-Linda Klausen (montasje)

MÅTTE GJERE JOBBEN SJØLV: – Kvifor var det ingen røykdykkarar der? Kvifor kom ingen inn med lommelykter og oksygenmasker og hjelpte oss ut, spør Britt-Linda Klausen.

Foto: NRK/Arne Veum

– Me gjorde heile jobben sjølv, seier Britt-Linda Klausen, som saman med sambuaren kjempa sitt livs kamp under brannen i Gudvangatunnelen 5. august i fjor.

Brann i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Det polske vogntoget byrja å brenne inne i Gudvangatunnelen.

Foto: Monika Blikås

Mange av dei over 70 som var inne i tunnelen då eit vogntog tok fyr, gjekk i to til tre timar i tjukk, giftig røyk tilbake til Gudvangen for berga livet.

Klausen forstår ikkje kvifor naudetatane, som stod klare utanfor tunnelmunningen i Gudvangen, ikkje kom inn i tunnelen for å redda dei.

– Kvifor var det ingen røykdykkarar der? Kvifor kom ingen inn med lommelykter og oksygenmasker og hjelpte oss ut? Kvifor måtte me gjera heile jobben sjølv, spør Klausen.

Inga hjelp

Familien Louis

LIVREDDE: Den franske familien Louis opplevde sitt livs drama då dei hamna midt i branninfernoet i Gudvangatunnelen.

Foto: Privat

Også franske Valerie Louis og familien hennar hamna midt i infernoet nesten ni kilometer inne i tunnelen. Midt i kaoset og med eit brennande vogntog nokre hundre meter lenger framme, såg heller ikkje dei nokon annan utveg enn å snu og gå tilbake til Gudvangen. Den tre timar lange turen tok nesten livet av dei.

– Den største overraskinga var at der ikkje fanst redningsrom i tunnelen, og at ingen kom inn for å hjelpa oss, seier Louis.

Ho forstår ikkje kvifor brannmennene venta på dei utanfor og let dei gjera heile jobben sjølv.

Har stor forståing

Ivar Hellene

HAR STOR FORSTÅING: Lensmann Ivar Hellene på Voss seier han har stor forståing for dei som tykkjer det er merkeleg at ikkje naudetatane tok seg inn i tunnelen.

Foto: NRK

– Eg har stor forståing for at dei tykkjer det er merkeleg at ikkje naudetatane tok seg inn i tunnelen, seier lensmann på Voss, Ivar Hellene.

Det var Voss lensmannskontor som leia innsatsen til naudetatane på vestsida av tunnelen, på Gudvangen-sida. Hellene forklarar den avventande haldninga med beredskapsplanen for Gudvangatunnelen.

Som det blei kjent tidlegare i veka, seier denne planen at det er brannmenn frå austsida som skal inn og sløkkja brannen og deretter følgja røyken etter kvart som han bles vestover i retning Gudvangen.

Farleg

– Då brannmannskapet gjekk bort til tunnelmunningen, såg dei ikkje ein halvmeter framføre seg. I tillegg hadde innsatsleiaren vår fått melding om at det var lite oksygen i tunnelen. Difor kunne det vera risikabelt å ta seg inn, fordi bilane kunne slokna på grunn av oksygenmangel, seier Hellene.

Ein annan grunn til at innsatsleiaren vurderte det som for farleg å køyra inn, var faren for å kollidera.

– Den einaste måten å ta seg inn i tunnelen då, var å gå. Brannvesenet på Voss har oksygen til om lag ein halvtime, og då skal dei ha ti minuttar som tryggleiksbuffer. Det betyr at dei kunne gå ti minuttar inn. Likevel gjekk dei ikkje inn fordi dei ikkje såg noko som helst. Dei ville ha hatt nok med å klara seg sjølv, seier Hellene.

– Strekkjer oss langt

Då dei fyrste gåande kom overlevande ut av røyken som stod ut av tunnelmunningen, gjorde politiet ei ny vurdering.

– Dei kom til den same konklusjonen: Dei såg ingenting. Dei gjekk eit par meter inn og måtte snu.

– Men bør ikkje naudetatane strekkja seg langt i slike ulukker?

– Dei strekkjer seg så langt som dei kan. Men ein skal ikkje senda folk inn i eit område der det er fare for eige liv. Dette er ei avveging dei måtte gjera på plassen, og eg er trygg på at innsatsleiaren vurderte dette nøye, seier Ivar Hellene.

Lensmannen på Voss vil venta på politiet sin eigen evalueringsrapport før han gir ytterlegare kommentarar.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, ønskjer ikkje å kommentera saka før politiet har klar sin eigen evalueringsrapport i løpet av februar.

Brannmannskap frå den andre sida tok seg inn inn i tunnelen og fekk med seg omlag 40 personar.

Heldt på å døy

I Bodø sit eit sambuarpar som etterlyser svar. Den dei kan takka for at dei framleis er i live, er deira eigen sterke vilje. For utan hjelp inne i den røykfylte tunnelen kjende dei at dei sakte var i ferd med å døy.

– Det kjente me på kroppen. Me hadde ingen energi att. Det var berre staheita og viljen som heldt oss oppe. Me spurde legane også: Kor nært var det? Og svaret me fekk: Jo, det var veldig nært for at de ikkje hadde vore her meir, fortel Britt-Linda Klausen.

Bilistar som var innesperra under brannen i Gudvangatunnelen kunne unngått å få dei omfattande røykskadene. Det viser ein rapport frå Statens Vegvesen.
Då det byrja å brenne i tunnelen 5. august i fjor, vart røyken sendt i retning Gudvangen trass at det var på den sida av tunnelen det framleis var folk.
Kring 70 menneske måtte på sjukehus.

SJÅ TV-SAK: Bilistar som var inne i tunnelen samstundes som det brann i eit polsk vogntog, kunne unngått røykskadar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.