Hopp til innhold

– Ingen hadde trua på at eg skulle greie det

Daniel Lira (30) bestemte seg for seks år sidan for å skaffe ein klatrevegg i Førde. No er draumen realisert.

Daniel Lira

HADDE TRUA: Daniel Lira er mannen bak ideen om å få ein klatrevegg til Førde. – Eg håpar folk ser at ein kan få til alt ein vil, seier Lira.

Foto: Adalheidur Oldeide

Det er smått kaotiske tilstandar rundt 30-åringen. Elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule, vener og andre kjenningar, spring rundt i hallen med plater og verktøy for å bli ferdige i tide til opninga.

Lira har teke seg nokre minuttar pause, og står med berre føter på kritkvit sand inne i Sunnfjordhallen.

– Dette er verkeleg ein draum som har gått i oppfylling, seier Lira.

Det er seks år sidan han bestemte seg for å få ein klatrevegg til Førde. Men utan verken pengar eller klatreerfaring viste det seg å bli lettare sagt enn gjort.

Aldri klatra

Han flytta til Norge frå Brasil tidleg på vinteren i 2010. Kulden var uvant, og han orka ikkje å vere så mykje ute. Innandørs var det nesten ingenting sosialt å finne på, seier han.

Lira som er prosjektleiar ved Sunnfjord Folkehøgskule, fekk ideen til ein klatrevegg då han såg at det var eit ønske om klatring i kommunedelplanen.

Hausten 2010 sende han likevel ut første søknad, og fekk løyvd 250.000 kroner.

  • Loddrett spenning:

– Men det var berre nok pengar til ein liten vegg. Den hadde berre vore stor nok for barn. Eg ville helst ha ein stor vegg, med ulike nivå.

Men utan klatreerfaring trong han nokon å samarbeide med.

– Heldigvis tok folk i Våtedalen Tindeklubb og Indre Sunnfjord Turlag kontakt med meg. Dei har blitt ein del av heile prosjektet, seier Lira.

Saman søkte dei om meir pengar, og fekk til slutt på plass sponsorar.

Verdas første

klatring

SANDHALL: Den nye klatreveggen er 12 meter høg og 14 meter brei.

Foto: Adalheidur Oldeide

Det resulterte i ein 12 meter høg, og 14,5 meter brei klatrevegg inne i Sunnfjordhallen på Sunnfjord Folkehøgskule.

Ifølgje Lira er klatreveggen den første av sitt slag.

– Så vidt eg veit, er dette verdas første klatrevegg i ein sandhall. Det er litt kult.

Klatreveggen er nemleg plassert inne i sandhallen der det til vanleg blir spelt volleyball.

– Betyr mykje

Per Kristian Kongsvik, leiar av Våtedalen Tindeklubb, seier den nye veggen betyr mykje.

– Tilbodet har vore dårleg. Særskilt om vinteren då det ikkje er like kjekt å klatre ute.

Han trur klatremiljøet vil vekse når den nye klatreveggen har kome på pass.

– Eg trur absolutt fleire vil få interesse for klatring no. Eg håpar i alle fall det.

Den nye klatreveggen opna offisielt onsdag kveld. Førebels er planen at det skal vere mogeleg å klatre i tre timar, tre dagar i veka.

– Vi kjem til å tilpasse oss behovet etter kvart. Vi veit jo ikkje kor mange som kjem til å bruke den nye veggen, men vi håpar sjølvsagt på stor pågang, seier Lira.