NRK Meny
Normal

– Ingen fleire sjuke

4H-leiren på Breim vil vere tømt for norske deltakarar innan klokka 12 søndag.

Hjelpemannskap på 4H-leir på Breim der ein deltakar er smitta av svineinfluensa.
Foto: Alf Vidar Snæland

Petter Øgar.

Fylkeslege Petter Øgar seier at situasjonen på Breim no er under kontroll.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Svineinfluensautbrotet på 4H-leiren på Breim skal no vere under kontroll.

59 ungdommar er søndag morgon isolerte på Reed skule i Gloppen, og ingen fleire har blitt sjuke i morgontimane.

– Vi har 59 stykkjer i isolat. Ingen av desse er alvorleg sjuke, og mange av dei byrjar å bli friske, opplyser Fylkeslege Petter Øgar.

Han fortel at dei som har sjukdommar som gjer dei spesielt utsette for svineinfluensaen, har fått førebyggjande behandling med Tamiflu.

Les om svineinfluensautbrotet på Breim:

På veg heim

Informasjonsansvarleg i 4H, Beate Patay, seier at innan klokka 12 søndag vil dei norske deltakarane vere ute av leiren.

– Det stemmer. Vi har nokre hundre utanlandske deltakarar som må vente litt lenger, men innan mandag kveld vil det nok ikkje vere mange igjen her i leirområdet, fortel ho.

Praktisk løysing

Fylkeslege Øgar seier at rådet frå nasjonale helsemyndigheiter er at dei som er smitta bør halde seg vekke frå andre personar i om lag ei veke.

– Det er rådet vi har fått. Men vi kan jo ikkje tvinge nokon til å sitje i isolat. Vi er i ein diskusjon no med foreldra slik at vi finn ei praktisk løysing på dette, fortel han.

Han opplyser at smittefaren ved å hente sjuke ungdommar heim er vanskeleg å anslå.

– Éi løysing kan vere at foreldra som hentar ungane sine brukar munnbind. Men det er veldig vanskeleg for meg å seie noko om smittefaren ved å hente heim ungdommar som har eller har hatt svineinfluensa, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser