Hopp til innhold

– Informasjonen frå politiet er så dårleg at vi ikkje kan stole på den

Redaktørar over heile landet er no så lei av politiet si manglande varsling og informasjon at dei vil ta saka til justisministeren.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt

SKAL BLI FLEIRE: Det vert no utdanna fleire operatørar og operasjonsleiarar, men bemanningsauken er ikkje på plass før i oktober, opplyser politiet.

Foto: Politiet

– Informasjonsflyten frå Vest politidistrikt er så dårleg og varierande at vi ikkje kan stole på den, seier leiar i Sogn og Fjordane Avisforening og redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten.

Redaktøren viser til fleire døme på hendingar som operasjonssentralen i Vest politidistrikt ikkje har varsla media og publikum om.

– Dei varsla ikkje om ein husbrann i Stryn. Vi opplever at det vert lagt ut masse, bortimot banalitetar, ifrå Bergen, medan viktige hendingar i Sogn og Fjordane ikkje vert lagt ut. Det er ikkje akseptabelt, seier Flaten.

Bengt Flaten

OPPGITT: – Om vi ikkje kan stole på at politiet varslar om saker som oppstår, så er det eit alvorleg samfunnsproblem, seier redaktør Bengt Flaten i Fjordingen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ulike redaktørar i Sogn og Fjordane har sagt i frå til politileiinga om det dei meiner er manglande varsling. Alt i februar tok distriktsredaktøren i NRK opp problemstillinga, då politiet ikkje varsla om ein redningsaksjon av to unge gutar.

Stille på Twitter

Leiar i Vestafjelske Redaktørforening, Jan Inge Fardal, er frustrert over at stadige tilbakemeldingar ikkje har ført fram.

– Er det slik at dei ikkje er i stand til det, har dei ikkje utstyret, har dei ikkje kapasitet?, spør Fardal.

Etter samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane politidistrikt, er det operasjonssentralen i Bergen som varslar om hendingar i politidistriktet, på tenesta Twitter.com.

– Det er altfor tilfeldig, altfor vilkårleg. Det er ikkje godt nok, dessverre, seier Fardal.

Politiet vedgår at dei har ein veg å gå.

– Det står ikkje på viljen. Vi skulle ønskje vi kunne gje media eit mykje betre tilbod enn vi kan no, seier leiar for fellesoperative tenester Morten Ørn i Vest politidistrikt.

– Om det ikkje står på vilje, kva står det på?

– Det står på ressursar og vår kapasitet. All statistikk tilseier at vi bør vere 81 tilsette på operasjonssentralen i Bergen, og no jobbar vi for ei oppbemanning til 66 tilsette, seier Ørn.

Mange månader før betring

Ørn viser til at når politisambanda vart stengde for lytting førte det til større press på operasjonssentralen.

– Eg meiner at ressurstildelinga ikkje har teke omsyn til den endringa som har skjedd.

For å betre på situasjonen er oppmodinga til media at dei i større grad nyttar seg av lokalt politi for oppfølging av saker.

Tek saka til departementet

Utfordringa med informasjon frå, og kommunikasjon med, Politiet er ikkje eineståande for Sogn og Fjordane. Norsk Redaktørforening tek no saka til Justisdepartementet, opplyser Fardal.

– Resultatet av politireforma skulle bli eit betre politi, eit politi som er meir til stades, meir synleg, lettare å kome i kontakt med, men det er det motsette som har skjedd. Det kan umogleg vere akseptabelt for politikarane som har vedteke dette, seier Fardal.

– Vi set pris på all støtte vi kan få når det gjeld budsjettildelingar, seier Ørn.