NRK Meny
Normal

– Ikkje la mamma betale

Det nærmar seg Operasjon Dagsverk her i fylket. 21 vidaregåande- og ungdomsskular deltek i år, og når elevane kjem tilbake frå haustferie på måndag, startar dei med internasjonal veke der dei skal lære meir om årets aksjon.

OD-dag på Førde hotel

KÅLROT: Torstein Fimland (t.v.) og Truls Haukeland hadde hendene fulle på kjøkkenet ved Førde Hotel under OD-dagen i 2015. Dei hadde fått i oppgåve å kutte opp 20 kilo kålrot og ein stor pose gulrøter.

Foto: Oda Ruggesæter Ertesvåg / NRK

– For mange er det lett å sette seg ned heime, seie til mamma at du skal ta ut av oppvaskmaskina, og så får du 300 kroner. Men det er ikkje det som er tanken bak Operasjon Dagsverk. Du skal ut og jobbe ein dag i solidaritet og gi ein dag av di utdanning for at andre skal få det betre, seier Thea Leirvik som sit i distriktskomiteen for Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane.

Thea Leirvik

KOME I KONTAKT: – Vi håper fleire arbeidsplassar tar kontakt med oss og tilbyr arbeidsplassar til OD-dagen, seier Thea Leirvik i distriktskomiteen for Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane.

Foto: Jakob Oevensen Aanderaa

I Sogn og Fjordane deltek 21 vidaregåande- og ungdomsskular.

– Det er eit OK tal, vi har vore fleire. Det er diverre ein trend nasjonalt at talet på skular som deltek går ned. Men vi er ikkje ferdig med ringerunden vår, så vi håpar å få med eit par skular til her i fylket, seier Leirvik.

Årets OD-dag er sett til 2. november.

"Vi er alle oljeborn"

I år skal pengane frå Operasjon Dagsverk brukast til å hjelpe born og unge i Nigeria til få ei utdanning. Namnet på aksjonen i år er "Vi er alle oljeborn"

– Både Norge og Nigeria er land som lever av oljen. Forskjellen er at medan vi i Norge lever godt av oljen er oljen blitt eit problem i Nigeria, men vi er alle oljebarn, seier Leirvik

– Men korleis kan pengane som vert samla inn i Norge vere med å hjelpe i Nigeria?

– Vi samarbeider med Natur og Ungdom og Naturvernforbundet. Målet er å gi ungdomane i Nigeria ei utdanning så dei sjølve kan hjelpe seg ut av oljekrisa og problema som Nigeria står oppe i, seier Leirvik

Vegopning på Bergum i Førde kommune