Hopp til innhold

– Ikkje la dette bli eit mørkt, gløymt hjørne

FØRDE (NRK): «Hei» og «fuck» i gullskrift er noko av det som møter dei som brukar skateparken i Førde. No ber skatarane kommunen om hjelp for å unngå at området blir eit grumsete og tilgrisa hjørne av millionparken.

Marius Ripe Lemoen viser fram tilgrising i skateparken i Førde

GLØYMT: Marius Ripe Lemoen er ein av dei få aktive skatarane i Sogn og Fjordane. Han er oppgitt over at det flotte skateanlegget i Førde no blir tilgrisa med tusjing, tagging og søppel.

Foto: Anna Gytri / NRK

Idrettsanlegget Hafstadparken i Førde kosta nær 100 millionar kroner å bygge opp, og blir dagleg brukt av hundrevis av førdianarar.

Marius Ripe Lemoen (29) har sjølv brukt tallause timar i skateparken etter at den stod klar våren 2015. No føler Ripe Lemoen og fleire av dei andre skatarane at kommunen har gløymt denne delen av anlegget.

– Skateparken er jo ikkje noko fin lenger med den tagginga som er kome her. Det er kjedeleg å kome hit når det er slik.

Fryktar meir hærverk

Det var folkefest då Hafstadparken vart offisielt opna for to og eit halvt år sidan. Her har ei rekkje idrettar fått boltreplass, blant anna skatarane, med eigen park.

Marius Ripe Lemoen viser fram tagging i skateparken i Førde

RYDDAR OPP: Marius Ripe Lemoen seier han sjølv har plukka mykje søppel rundt skateparken. No ber han om hjelp frå kommunen til å halde anlegget ved like, slik at det kan stå fram som attraktivt i mange år til.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Det er ofte mykje folk her, både unge og eldre. Det er også mange familiar som likar å vere her. Men når det blir sjåande slik ut, så er det ikkje koseleg å vere her lenger, seier Lemoen.

Det han siktar til er tilgrising med søppel, tusjing og tagging på murkantane. Lemoen trur det er snakk om gutestrekar, og enn så lenge er det ikkje snakk om det veldig store omfanget.

Marius Ripe Lemoen

HERPA: Marius Ripe Lemoen bygde sjølv ein trerampe som han sette inn i parken. Den er no ramponert. – Det er surt, men det eg er mest oppgitt over er korleis det ser ut i parken no.

Foto: Anna Gytri / NRK

Men Lemoen fryktar det å la tagginga bli ståande vil vere som ein invitasjon som resulterer i meir hærverk. No håpar skatarane at kommunen vil ta tak.

– Det er jo kjekt for oss som skatar å ha ein fin plass å vere. Når vi ser på resten av anlegget er det veldig fint og strigla, og så blir dette som eit mørkt hjørne i parken.

Lemoen meiner ein del av skatarane sjølve har teke ansvar, og viser til at dei fleire gonger har plukka boss rundt parken, og kosta vekk både stein og gras i anlegget.

– Men kommunen kunne gjerne gjort litt meir, til dømes teke ein vask av anlegget.

Vil ta tak umiddelbart

Trond Ueland

LOVAR Å TA GREP: Kommunalsjef Trond Ueland i Førde kommune vil ta kontakt med skatarane for å få orden i skateparken.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Dagleg leiar Per Øyvind Storevik i Førde idrettslag kan forstå at skatarane kan føle seg litt gløymde. Han er heilt samd i at anlegget fortener vedlikehald, og viser vidare til kommunalsjef Trond Ueland i Førde kommune. Det er dei som har ansvar for vedlikehaldet av anlegget.

Når kommunalsjefen får høyre om tilgrisinga i skateparken lovar han å ta tak i det umiddelbart.

– Dette skal vi sjå på i morgon. Parken skal vere flott og attraktiv for alle.

Ueland vil ta kontakt med skatarane for å finne ut kva dei kan gjere.

– Dette er jo ikkje eit organisert miljø. Dei driv fritt og slik skal det vere. Vi må få til ein dialog med dei aktive slik at det ser fint ut der borte.