Hopp til innhold

– Ikkje grunn til uro for svineinfluensa

13 personar i Sogn og Fjordane har vore innlagde på sjukehus med svineinfluensa sidan i haust, opplyser Helse Førde

Reidar Hjetland

– VANLEG INFLUENSAVIRUS: Reidar Hjetland er overlege for mikrobiologisk avdeling i Helse Førde.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I går fekk fire personar i Ålesund påvist svineinfluensa, og på landsbasis har 924 blitt smitta så langt i vinter.

Overlege for mikrobiologisk avdeling i Helse Førde, Reidar Hjetland, seier at det ikkje er grunn til uro. Svineinfluensa i dag er eit vanleg influensavirus, seier han.

– Langt mindre farleg no

I 2009 frykta ein eit stort svineinfluensautbrot, og styresmaktene gjennomførte massevaksinasjonar. Men sidan det har svineinfluensaen etablert seg som eit vanleg influensavirus, og er langt mindre farleg no.

– No er store delar av befolkningen blitt immun mot svineinfluensa. Mange vart vaksinerte, då difor spreier det seg ikkje så lett, og det blir ikkje så stort utbrot.

På isloat

I Ålesund hamna dei smitta på isolat, men Hjetland fortel at isolering er vanleg prosedyre ved influensasmitte.

– Det gjeld alle typar influensa. For dette smittar. På sjukehus er det mange pasientar som er der av andre årsaker, og då vil vi gjere smitteverntiltak for å hindre at det blir smitte inne på sjukehuset.