NRK Meny
Normal

– Ikkje ein kamp prega av finspel - men ein viktig siger

Sogndal vann sundag 2–1 borte mot Nest- Sotra. Dei blei eit tøft oppgjer på ei regntung grasmatte på Ågotnes

Håvard Flo

FEKK TØFF MOTSTAND: Håvard Flo er sportsleg leiar i Sogndal Fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det var ein veldig vanskeleg bortekamp, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Kampen byrja bra for Sogndalspelarane, allereie etter tre minutt prikka Kristian Fardal Opseth inn den første scoringa. Etter 28 minutt kom Nest-Sotra tilbake og utlikna.

– Då blei det mykje stillingskrig. Det var ein tøff kamp, det var det.

I andre omgang sette Babacar Sarr inn det andre målet for Sogndal. Dermed stod det 2–1 i favør av Sogndølene, noko som også blei sluttresultatet.

Tøff motstandar

Før sundagens oppgjer hadde Sogndal kanskje det beste utgangspunktet med sju poeng frå dei første tre kampane. Nest-Sotra stod utan poeng.

– Det er klart det at Nest-Sotra med null poeng er eit lag som treng poeng og kjempar tappert. Dei var kyniske, fighta og slo langt inn i vår boks og var verkeleg farlege.

Uvant underlag

Grasbana på Åtgotnes var våt, tung og ujamn og ikkje akkurat det underlaget som Sogndalspelarane er mest vande med akkurat no.

– Det sette og sitt preg på innhaldet i kampen, i tillegg er det ingen «walkover» å møte lag som slit poengmessig.

30. april møter Sogndal Levanger heime på Fosshaugane.

– På gode dagar så har vi kapasiteten inne til å spele god fotball, og det håpar vi å kunne vise på torsdag når vi møter Levanger.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.