Hopp til innhold

– ID-merking er billig forsikring

Då Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane fekk inn to ID-merka dyr på same kveld, var det som julaftan og bursdag på same tid. Dette er nemleg sjeldan kost for dei.

Bettina Astor (t.v.) og Anja Sægrov med katten og hunden som hadde ID-merke

RAKETTAR: Bettina Astor (t.v.) og Anja Sægrov i Dyrebeskyttelsen var over seg av begeistring då dei oppdaga at både katten og hunden som vart funnen på rek var ID-merka og slik raskt fann vegen tilbake til eigarane sine.

Foto: Ove Myrmel

– Det var så kjekt, og vi fann tilbake til begge eigarane med det same, seier leiar Bettina Astor.

– Det er utruleg godt å kunne ringe til eigarane av dyra og spør om dei saknar hunden eller katten sin, og føre dei saman att med det same. I staden for å bruke mykje tid og ressursar på å leite etter riktig eigar, slik vi utan unntak gjer når dyra manglar chip, seier ho vidare.

Ho får støtte frå veterinærar når ho seier at for mange hundar og kattar framleis manglar slike ID-merke. No håpar ho at endå fleire sikrar seg det ho meiner er ei billig og enkel forsikring.

– Folk har blitt flinkare, men det er langt igjen til vi kan seie oss nøgde.

– Det er som natt og dag

«Saknar du katten din? Kjælen hokatt funnen. Svart med kvite flekkar under magen». Slike etterlysingar har det blitt mange av i avisene. Men ofte klarar ein aldri å finne tilbake til eigaren når kattar og hundar går seg vekk.

Bettina Astor som er leiar i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane fortel at dei ofte får melding ved påkøyrsle av dyr.

– Om dyret er dødt eller framleis i live og treng akutt veterinærbehandling, er det av etiske grunnar viktig for oss å få gitt beskjed til eigar, seier ho.

Astor seier at chiplesaren alltid er med, og at dyr og eigarar har langt større sjanse for å bli ført saman att om fleire sette inn ein liten ID-chip på kjæledyret.

– Det lettar også arbeidet vårt så utruleg. Det er som natt og dag, seier ho til NRK.no.

Tidkrevjande og vanskeleg jobb

Då Dyrebeskyttelsen sist veke vart kontakta etter at ein katt og ein hund vart funne på rømmen i Førde var dei budde på å bruke både tid og ressursar for å finne tilbake til heimane deira.

For mange dyr er ikkje merka med såkalla mikrochipar, eit ID-merke som fortel kven som eig katten eller hunden.

Når slik merking manglar blir jobben både tidkrevjande og vanskeleg for veterinærar og Dyrebeskyttelsen.

– Vi annonserer i aviser og på nettsidene våre. Ofte ringer vi rundt til folk i områda der vi har funne dyra, og vi spør veterinærar om dei kjenner att dyra att. Men til trass for mykje arbeid er det sjeldan vi lukkast i å finne eigar utan at dyret er ID-merka, seier Astor.

Ikkje berre lett å flytte dyra til nye heimar

Ofte kjem dei opp i eit dilemma som set dei i ein vanskeleg situasjon.

– Når vi blir sitjande med dyra i fleire månader, så må vi etter kvart omplassere dei til nye heimar. Sjølv om dei sikkert har hatt ein god heim i utgangspunktet.

– Det synst vi er trist, og både eigarane og dyra opplever det nok som trist også. Eigar trur kanskje at dyret har dødd, men vi reddar mange bortkomne dyr frå den sikre død. Dei blir ofte funnen i skral forfatning, noko som krev lang rekonvalesens i samråd med veterinær. I ettertid lever mange av dei i beste velgåande i ny heim, seier Astor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Id-merking av dyr

ENKELT: Veterinær Irene Nergård (t.h.) seier ID-merking av hundar og kattar er både enkelt og billig.

– Like før vi fyrte opp rakettar

Men katten og hunden som vart funne i Førde slapp omplassering. Då Dyrebeskyttelsen skanna dei med chiplesaren fekk dei seg ei overrasking. Begge var nemleg ID-merka og vart ført tilbake til eigarane same kveld.

– Det var som bursdag og julaftan på same tid, seier Astor og legg ikkje skjul på at gleda var stor.

– Dette er sjeldan for oss, seier ho.

Skulle ønske fleire gjorde det

Irene Nergård ved Førde Veterinærklinikk er av same oppfatning som Astor. For mange kjæledyr manglar framleis ID-merking.

Til liks med veterinær Irene Nergård ved Førde Veterinærklinikk meiner Astor at folk har blitt flinkare dei siste åra. Men framleis er det altfor mange dyr som manglar ID-merking.

– Det er ingen tvil om at det er for få. Vi får kattar inn her støtt og stadig, og når vi sjekkar for ID-merking så finn vi det ikkje, og då finn vi ofte ikkje eigar, seier Nergård til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Katt

NY HEIM: Når Dyrebeskyttelsen ikkje greier finne att eigarane til dyr dei får inn prøver dei å finne nye heimar til dei. Aller helst skulle dei ha fått dei tilbake til dei rette eigarane.

Foto: Linn Cathrin Olsen / SCANPIX

Kjapt, enkelt og billig

Ho seier det har vore mest vanleg at folk ID-merkar rasehundar, men meiner det er like viktig å merke blandingshundar, og ikkje minst kattar.

– Når vi legg inn ein ID-chip så vil det gje eit unikt nummer som koplast opp mot ein eigar, ei adresse og eit telefonnummer som ein kan kontakte eigar på.

– Om hunden eller katten din er ute på vift, og den blir påkøyrd eller det skulle skje noko anna, så har ein moglegheit til å finne eigarane kanskje kjapt, seier ho.

Ho meiner langt fleire burde ha ID-merka dyra, og seier det verken er dyrt eller vanskeleg. Ein liten elektronisk brikke blir sett inn under huda på dyret med ei sprøyte, utan at dyret kjenner smerte. Chipen er programmert med eit nummer og kopla opp mot ein database, slik kan ein lett finne att eigaren om ein skannar chipen på dyret.

– Det lønner seg å gjere dette saman med ein annan konsultasjon, som vaksinasjon eller kastrering. Då blir det ikkje store kostnader, og blir på rundt 300–400 kroner for ei ID-merking, seier Nergård til NRK.no.

Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen ser ingen grunn til at folk skal la vere å merke dyra sine med ein slik ID-chip.

– Det er ei verdifull og billig forsikring, seier ho til NRK.no.

Ikkje påbode

I 2010 diskuterte ein kor vidt ID-merking av katt skulle bli obligatorisk, men i tråd med rådet frå Mattilsynet sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk nei.

Brekk oppmoda samtidig katteeigarar om å gjere dette frivillig.

– Dyreeigarane har ei klar interesse av å merke sine kjære kattar heilt frivillig. Dette bil gjere det mykje enklare for eigarane å finne att dyra sine. På sikt kan det minske problema med forvilla kattar, sa Brekk.

Mange fordelar

Terje Ramstad som er seniorinspektør og veterinær hos Mattilsynet i Sunnfjord og Ytre Sogn seier dei oppmodar både katte og hundeeigarar om å ID-merke deira dyra sine.

– Det er ein sikkerheit om dyra skulle bli vekke, så er det enklare å finne tilbake til eigar. For det andre, skal du ta med deg hund eller katt ut av landet må dei ha pass, og då må dei ha ID-merke for å få pass, seier Ramstad til NRK.no.

Operasjonssentralen til politiet blir ved ujamne mellomrom kontakta når folk kjem over hundar som er på vift utan eigarane. Også dei ser klare fordelar med ID-merka dyr, då blir jobben langt enklare for dei.

– Det er klart vi får eit mykje betre utgangspunkt når hundane er merka, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen.

I Dyrebeskyttelsen håpar Bettina Astor at folk blir endå flinkare.

– Det å ikkje finne tilbake til eigarane til dyr som vi får inn, det er klart det går inn på oss. Vi har jo alle dyr sjølv, og veit kor glade dei aller fleste er i dyra sine, seier ho til NRK.no.