Det er tysdag morgon på Amlaholten på Kaupanger i Sogndal kommune. Klokka nærmar seg 07.30, og i hengekøyene som er spent opp mellom trea, byrjar dei som har sove lengst å vakna. Attmed bålet er dei ivrigaste allereie i gang med å koka kaffi og steika bacon, lappar og pannekaker. Om mindre enn to timar startar første forelesing nede på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal for dei fleste av dei som har overnatta ute denne natta.
– Det er greitt å koma på forelesing med bållukt og fjellsko?
– Det er heilt innanfor. Det er kulare å ha vore ute på tur enn heime framfor TV-en, seier Janni Røssevold.
Ho er andreårsstudent i Sogndal, og sit i styret i Lurkarlaget, som er studentane i Sogndal sin friluftsorganisasjon.
På tur kvar veke
Kvar einaste veke studieåret rundt arrangerer dei turar og aktivitetar. Alt frå korte dagsturar på ettermiddagane, klatring og sykling, til lange turar i fjellet i helgene.
– I helgene søv me ute eller på DNT-hytter, me reiser på surfeleir, skitur eller sykkeltur. Det er mange tilbod til alt og alle, frå ekstremsyklisten til dei som knapt veit kva ein sovepose er, seier Røssevold. Dei åtte personane i styret brukar mykje av fritida si på å gi medstudentane eit godt friluftstilbod og ein annan møteplass enn skulebenken.
Ved starten av studieåret pleier dei å vera rundt 300 medlemmar. Ved slutten nærmare 500.
Det er over ein femtedel av alle som studerer i Sogndal.
– Dei ferske studentane er raske å melda seg inn. Dei som har studert her tidlegare stressar ikkje like mykje med det, seier Røssevold, og ler litt.
Sogndal er ein populær studiestad, og mange vel å søka seg til bygda ved Sognefjorden på grunn av
.– Om vinteren er det mange som går rett frå forelesing til skitur. Då går dei ut av klasserommet med skibaggen på skuldra.
Nye «lurkisar» på tur
– Eg vil bli kjent med andre som likar å vera på tur. Eg har aldri sove i hengekøye før, så dette var første natt, seier Elisabeth Knedahl Hansen.
– Du datt ikkje ned?
– Nei, det gjekk heldigvis bra, ler ho.
– Eg studerte i Bergen i fjor. Det er veldig mykje betre å studera i Sogndal å ha moglegheita til dette her, seier Nicolai Drager, som saman med Knedahl Hansen er nye «lurkisar», som medlemmane kallar seg sjølv.