Hopp til innhold

– I gang med ein jobb ingen likar

Arbeidet med å byggje gjerde som skal skilje villrein frå tamrein er i gang på Hemsedalsfjellet.

Lars Nesse

SKEPTISK: Lars Nesse er svært usikker på om tiltaka mot skrantesjuka vil vere effektive.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Om lag ein kilometer inn på Sogn og Fjordane-sida av fylkesgrensa til Buskerud er dei i gang med å sette opp eit gjerde som skal bli åtte kilometer langt i retning Lærdal. Gjerdet skal hindre villreinen i Nordfjella i å blande seg med tamreinen.

Og grunnen til det igjen er påviste tilfelle av den smittsame skrantesjuka i villreinstammen i Nordfjella, som ligg i kommunane Hol, Lærdal og Aurland. Regjeringa har avgjort at heile denne stammen på rundt 2200 dyr skal avlivast det komande året.

  • Sjå sak i Vestlandsrevyen her:
    No er det første synlege beviset på at villreinen i Nordfjella skal avlivast på plass.

– Ikkje noko kjekt

Lars Nesse er grunneigar og leiar i villreinnemnda for Nordfjella. I tillegg er han koordinator for skrantesjuka i dei kommunane som Nordfjella er ein del av. Han seier at bygginga av gjerdet er det første av tiltaka i planen for saneringa av villreinen i området.

– Dette gjer vi for å skilje tamrein og villrein i området. Samstundes er vi i gang med å gjerde inne gamle salteplassar for å hindre at rein, sau og hjort kjem til dei.

– Korleis er det å vere i gang med noko de har grudd dykk til?

– Det er ikkje noko kjekt. Det er ei merkeleg kjensle, for vi skal gjere ein jobb som ingen likar. Men dei meiner at dette må til for å overvinne sjukdommen ut frå det vi veit i dag. Men det dukkar stadig opp ny informasjon.

Lars Nesse

I GANG: Det er sett opp stolpar i ein kilometers lengde på Hemsedalsfjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ein plass må vi byrje

Uansett meiner Nesse at det å skilje tamrein frå villrein er nyttig.

– Ein plass må vi byrje. Med dette gjerdet har vi stengt inne den flokken der sjukdommen er påvist i dag.

Men det tek tid for Lars Nesse og dei andre grunneigarane og villreinjegerane i området å venje seg til tanken på at om eitt år skal det ikkje vere att villrein i Nordfjella.

– Eg likar ikkje tanken. Reinen høyrer til i fjellet her, og uansett kor mykje eg prøver, så tvilar eg på om vi greier å skyte ned alle. Men om vi får ned talet på rein får vi også minska smittepresset. Når jakta kjem i gang om ein månad blir det spennande å sjå kor mange dyr som kan vere smitta.

Arbeidarane på Hemsedalsfjellet er godt i gang med gjerdearbeidet. Tysdag var det sett opp stolpar i ein kilometers lengde. Lars Nesse er veldig usikker på om planen for å bli kvitt skrantesjuka vil lukkast.

– I denne saka får vi eit lite svar, og så har vi to nye spørsmål med ein gong. Vi veit altfor lite om det, om det vi gjer er rett eller gale får vi vite mange år fram i tida.