Hopp til innhold

– I dag kan det bli litt styr på vegane

Glatte vegar, sørpeføre og vatn i vegen. I dag kan det vere dagen for variert og utfordrande føre på vegane gjennom fylket.

Vatn i vegbana ved Førde.

VATN: Det kan bli ein dag med mykje vatn i vegbana rundt om kring i fylket, som her på E39 ved Førde. På morgonkvisten var det glatt veg fleire stader i fylket.

Foto: NRK.no-tipsar

NRK har i morgontimane fått inn fleire meldingar om utfordrande køyreforhold fleire stader i fylket. Vi nemner:

  • Frå Eid: Frykteleg glatt over Stigedalen til Volda. Rekn god tid om du skal nå ferja
  • Frå Fjaler: Klink is over Skor ned mot Nautsundet. Livsfarleg. Køyr med vet!

I Hornindal fortel Ove Fagerheim mykje sørpe mellom Indre Hornindal til Grodås.

– Frå Raftevoll til Møre Grense er det nesten ikkje råd å komme gjennom for personbilar. Eg snakka med ein trailersjåfør som fortalde at 30 km/t var maks i dag, seier Fagerheim og ber alle som ferdast i Hornindal om å køyre forsiktig.

Einaste offisielle vegmelding frå Vegtrafikksentralen gjeld fylkesveg 60 mellom Hol og Aurland. Her er det kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Ketil Molvær

UTFORDRINGAR: Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal har fått nokre meldingar om glatt veg på morgonkvisten.

Foto: Jan Christian Jerving

NRK har også fått tips om at det er glatte vegar rundt Høyanger. Ved Vegtrafikksentralen i Lærdal har også vaktoperatør Ketil Molvær fått meldingar om glatte vegar.

– Vi har fått meldingar om steinnedfall, mellom anna ved Anda ferjekai, og vi har fått melding om glatt veg i Sogndal og klage på strøing i Lavikdalen. Det er tydeleg at det har nedbøren har kome som snø nokre stader i natt, seier Molvær.

– Men det er vel dagen for at det kan bli litt utfordringar og styr på vegane, legg han til.

Det er utover dagen meldt ein god del regn. Det er også meldt om betydeleg snøskredfare i fylket.

Molvær ventar at mykje vatn i vegbana kan utgjere den største utfordringa.

Statsmeteorolog Steinar Skare fortel at temperaturane i ligg akkurat på plussida. Det kan forklare det glatte føret fleire stader i fylket.

– Det var kaldare i natt og går kveld, så nedbøren som kom først, kom som snø mange stader. No er temperaturane forbigåande på veg opp, seier han og legg til:

– Det er mykje nedbør no, og dette vil stå på til ettermiddagen. Då byrjar det å lette, først i Nordfjord og så lenger sør mot kvelden.

Skare seier at temperaturen ligg på null grader til 600–700 meters høgde. Denne grensa vil gå noko ned att i kveld.

– Og då er det fare for det lokalt kan fryse på i låglandet i natt, avsluttar han.