Hydro skriv i eit brev til næringsministeren at dei uansett ikkje vil modernisere verka i Sogn, same kor gode rammevilkår politikarane gir dei.
Hydro-leiinga har tidlegare ved fleire høve forklart avslaget på modernisering av aluminiumverka i Sogn med manglande rammevilkår for denne industrien.
Strategisk stenging
Etter at Norsk Hydro bestemte seg for å stengje Søderberg-omnane ved aluminiumverka i Sogn frå 2007, sende næringsminister Ansgar Gabrielsen i september eit brev til leiinga i Norsk Hydro. Der spurde han kva rammevilkår Hydro treng for å modernisere aluminiumverka i Høyanger og Årdal. I svarbrevet, som NRK kjenner innhaldet i, skriv Norsk Hydro at avgjerda om å stengje Søderberg-omnane innan utgangen av 2006, er grunngjeve ut frå strategiske forhold og omsynet til Norsk Hydro sin langsiktige konkurranseposisjon. – Justeringar av norsk rammevilkår vil dermed ikkje endre grunnlaget for denne avgjera, seier direktør i Norsk Hydro, Eivind Reiten.
Tilbod til inga nytte
Hydro-leiinga har tidlegare ved fleire høve forklart avslaget på modernisering av aluminiumverka i Sogn med manglande rammevilkår for denne industrien. Tillitsvalde og politikarar både lokalt og nasjonalt har dei siste månadene difor tilbydd Hydro betre rammevilkår. Sogn og Fjordane fylkeskommune har til dømes tilbydd Hydro billeg konsesjonskraft for å berge dei 330 arbeidsplassane i Årdal og Høyanger. Men dette har vore til ingen nytte.
– Må sleppe til nye eigarar
No støttar dei tillitsvalde kravet frå leiar i Næringskomiteen på Stortinget, Olav Akselsen, om at Hydro skal selja aluminiumverka i Årdal og Høyanger. Nestleiar i LO-forbundet for leiing og teknikk, Jarle Molde, trur ikkje Norsk Hydro kan seie nei til å sleppe nye villige eigarar til. – Ein har fått nytte norske naturressursar og hausta inn hundrevis av millionar i overskot kvart år, så korleis ein kan unngå å sleppe til andre, forstår ikkje eg, seier Molde.