Hopp til innhold

Har stablar med hummarteiner han ikkje får nytte

Den gamle kulturen med fiske etter hummar og laks for vanleg folk på kysten vert borte. – Før var det ein vesentleg del av inntekta til dei som budde langs kysten, seier Jan Ove Hoddevik.

Jan Ove Hoddevik

HISTORIE: – Nei, hummarfiske er nok historie for oss som bur på kysten no, seier Jan Ove Hoddevik på Stadlandet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Grøne fjellsider tek imot vind og sjø som slår inn frå Stadhavet mot Hoddevika. Jan Ove Hoddevik styrer og steller i naustet – og førebur hummarfisket som startar denne veka.

Eit fiske som ikkje lenger er som det var.

– Vi var tre båtar som fiska frå Hoddevika. Vi kunne drive med hummarfiske og fiska ganske bra med hummar år etter år etter år. Med den nye ordninga, må ein kunne seie at hummarbestanden er heilt øydelagd dei siste seks-sju-åtte år, seier han.

– Urettferdig

I naustet står store stablar med hummarteiner. Teiner som han ikkje lenger kan nytte. For regelverket seier at dei som ikkje stettar kravet om å vere yrkesfiskarar, kan bruke maks ti teiner i hummarfisket.

Dette meiner mange er urettferdig.

– Vi er tilvist til å bli hobbyfiskarar. Nei, hummarfisket er nok historie for oss som bur på kysten, resignerer Hoddevik.

Viktig inntekt

For hummarfisket gav mange langs kysten store og viktige inntekter. Fangsten låg, ifølgje Havforskingsinstituttet, på mellom 600 og 1 000 tonn. Dei siste 25 åra har dei offisielle fangstane vore under 100 tonn.

Hummerteiner

STÅR UBRUKTE NO: I naustet står store stablar med hummarteiner. Teiner som han ikkje lenger kan nytte.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Sidan 1987 har det blitt fiska opp mellom 30 og 60 tonn årleg av delikatessa. Grunna sterkt redusert bestand, har Fiskeridirektoratet innført strenge reglar for å bygge opp att hummarbestanden.

– Vi var litt vêravhengig og vi fiska ikkje så effektivt og så mykje som no, seier Hoddevik.

Større belastning

For no er det ikkje lenger fiskarbonden eller hobbyfiskaren som står for hummarfisket. Men yrkesfiskarar i sjarkar med 80–100 teiner. Hoddevik meiner belastninga på bestanden var mindre før.

– Dei fiskar 100 prosent av fisketida. Det har aldri vore så mykje fiskeri etter hummar som dei siste åra, seier han.

– Det er registrerte sjarkar som driv heilt lovleg fiske. De kan registrere dykk de også?

– Ja, det kan vi, men det stiller krav til inntekta på båten og på folket for å få vere fiskar. Sist eg prøvde, fekk eg ikkje bli fiskar fordi fiskeri ikkje var hovudinntekta mi.

Dårleg laksefiske

For det er bonde som i mange år har vore yrket til Hoddevik. Omgrepet «fiskarbonde» har han slutta å nytte for lenge sidan. Heller ikkje laksefisket gir store utbytte. Ordinær fisketid om sommaren er fire dagar.

– Om det ikkje er heilt slutt, så er det ubrukeleg. Det går ikkje an å drive laksefiske på kysten med så dyrt bruk for så lite fisketid, seier Hoddevik og legg til:

– For tre år sidan sette eg ut alle utfara for laksenota, men før det vart godt vêr att så var fiskesesongen over. Nota kom ikkje ut det året. Slik er det. Du kan risikere å leggje ned mykje arbeid i å få ut nota, men aldri får fiske med den.