Hopp til innhold

– Hotellsvindlaren kunne vore stoppa for to år sidan

SOGNDAL (NRK): For to år sidan reiste mannen i 30-åra frå ei hotellrekning på 25.000 kroner på Lægreid Hotell i Sogndal. Sjølv om politiet har visst kven han er, har han kunne halde fram med svindelen heilt til i dag. – Tragisk, seier hotelldirektør.

Atle Lægreid

FRUSTRERT: – Frustrasjon går først og fremst på at ein blir godt forbanna når ein blir lurt skikkeleg, og eg veit at vedkomande har drive på i årevis, seier hotelldirektør på Lægreid Hotell i Sogndal, Atle Lægreid. Her stakk mannen frå ei rekning på 25.000 kroner i 2016.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– For svindlaren, for hotella og for familien til svindlaren, så er det heilt krise. Den krisa kunne vore mykje, mykje mindre om politiet hadde gjort jobben sin og stoppa han før, seier Atle Lægreid, direktør på Lægreid Hotell i Sogndal.

Der budde mannen i to veker i 2016, før han stakk av frå rekninga på 25.000 kroner.

Tatt i 2016

Då mannen nyleg vart arrestert på Melshorn Hotell på Hareid på Sunnmøre, fann politiet over 60 nøkkelkort til ulike overnattingsstader kring om i Norge. Det var hotelldirektøren som fatta mistanke mot mannen og melde frå til politiet.

Beslagbilde fra Politiet i forbindelse med hotellsvindel på Hareid

FANN DETTE PÅ ROMMET: Då politiet gjennomførte ei ransaking av hotellrommet til mannen no nyleg, fann dei ein rekke nøkkelkort frå ulike hotell og overnattingsstadar over heile landet.

Foto: Politiet Hareid

Men allereie tilbake i april 2016 vart mannen politimeldt etter å ha svindla fleire hotell i Sogn og Fjordane. Dette etter at han hadde reist frå hotellrekningar i både Sogndal og Førde. I Førde hadde han også gjort seg skuldig i butikktjuveri.

Svindlaren er kjent for fleire i hotellbransjen for å sjekke inn under falskt namn og stikke frå rekninga. I mai 2016 vart mannen dømd til 45 dagar fengsel på vilkår for vinningslovbrot og for nettopp å ha reist frå hotellrekningar. Desse forholda skjedde i perioden 2013 til 2015.

Oppgitt hotelldirektør

Atle Lægreid

EIN AV MANGE: Atle Lægreid er ein av mange hotelldirektørar som har fått besøk av mannen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Saka vart meld til politiet i 2016. Vi fekk namnet på han og vi fekk vite at politiet hadde vore i kontakt med han. Likevel har han kunne halde fram med svindelen. Ein kan lure på kva politiet har drive på med, seier Lægreid.

Også hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn hotell i Hareid er oppgitt over politiet.

Linda Haddal Røssevoll, hotelldirektør ved Melshorn Hotell

AVSLØRTE SVINDLAREN: Hotelldirektør Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn hotell på Sunnmøre blei mistenksam på ein gjest som sjekka inn. Lite visste ho at ho var i ferd med å avdekke ein storsvindlar.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Mannen har reist frå rekninga på ei rekkje hotell rundt omkring. No er han sleppt fri igjen etter at han vart teken på Hareid. Eg forstår det ikkje, seier Haddal Røssevoll.

Etter at saka har vore omtalt i media, har Haddal Røssevoll vorte kontakta av ei rekkje andre hotell som har fortalt at mannen har reist frå rekningane også der.

Saka er ikkje ferdig etterforska

Politiadvokat Merete Sundal ved Vest politidistrikt fortel at saka framleis er under behandling.

Det er to år sidan mannen vart meldt for å ha reist frå hotellrekningar både i Førde og i Sogndal. Kvifor har politiet brukt så lang tid på denne saka?

– Det er fleire grunnar til dette, men eg kan ikkje gå i detalj på det.

Forstår du frustrasjonen over politiet i denne saka?

– Ja, det har eg forståing for.

Når er politiet ferdig med saka?

– Det er vanskeleg å svare på, men saka vil bli prioritert av politiet, seier Sundal.